Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Evangeliet etter Lukas

Evangeliet etter Lukas

1. kapitlet

1 Det er alt mange som hev teke seg til å setja upp ei fråsegn um dei hendingarne som hev gjenge fyre seg hjå oss,

2 so som dei hev bore det fram dei som frå fyrsten var augvitne og ærendsveinar åt ordet.

3 Difor hev eg og sett meg fyre at eg vilde granska alt vel frå grunnen og so skriva det upp åt deg, gjævaste Teofilus - stykke for stykke, soleis som det heng saman,

4 so du kann sjå kor truverdig ho er den soga som du hev høyrt.

5 I den tidi då Herodes var konge i Jødeland, var det ein prest som heitte Zakarja; han høyrde til det prestelaget som hev namn etter Abia. Kona hans var ætta frå Aron, og heitte Elisabet.

6 Båe var dei rettferdige for Gud; dei fylgde alle Herrens bod og fyresegner, og ingen kunde finna noko å lasta deim for.

7 Men dei hadde ikkje born; for Elisabet var ’kje barnkjømd, og dei var båe fram i åri.

8 So var det ein dag Zakarja gjorde prestetenesta for Gud; for turen var komen til hans lag,

9 og då dei drog strå, som visi er millom prestarne, fall det på honom å ganga inn i Herrens tempel og bera fram røykofferet,

10 med heile folkemengdi stod utanfor og bad i røykoffertimen.

11 Då fekk han med ein gong sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida åt røykofferaltaret.

12 Då Zakarja såg engelen, stokk han, og det kom ein otte yver honom.

13 Men engelen sagde til honom: «Ver ikkje rædd, Zakarja! Gud hev høyrt bøni di; du og Elisabet, kona di, skal få ein son, og du skal kalla honom Johannes.

14 Då vert du både glad og fegen, og mange skal gleda seg av di han er fødd.

15 For han skal vera stor i Herrens augo; han skal ikkje drikka vin eller sterke drykkjer, og alt ifrå morsliv skal han fyllast av den Heilage Ande.

16 Mange av Israels-sønerne skal han venda um til Herren, deira Gud,

17 og sjølv skal han ganga fyre honom i Elias ånd og kraft, og venda hjarto åt federne um til borni, og dei ulyduge til den hug som bur i rettferdige menner, so han kann vinna Herren eit vel fyrebutt folk.»

18 «Korleis kann eg vita um dette er sant?» sagde Zakarja til engelen; «eg er då ein gamall mann, og kona mi er og fram i åri.»

19 Då svara engelen: «Eg er Gabriel, som stend for Guds åsyn. Eg er send hit og skal tala med deg og bera dette gledebodet til deg.

20 Og no skal du ljota tegja, og ikkje kunna tala, alt til den dagen dette hender, for di du ikkje trudde meg; men det eg hev sagt, skal sannast når tidi er komi.»

21 Medan stod folket og venta på Zakarja, og undra seg yver at han drygde so lenge i templet.

22 Men då han kom ut, og ikkje kunde tala med deim, skyna dei at han hadde set ei syn i templet; sjølv nikka han og gjorde teikn til deim, men var og vart mållaus,

23 og då tidi for tempeltenesta hans var ute, for han heim att.

24 Eit bil etter hende det at Elisabet, kona hans, vart med barn. Då heldt ho seg heime i fem månader, og sagde:

25 «Soleis hev Herren laga det for meg då tidi var komi at han i nåde vilde taka burt skammi mi millom folk.»

26 Då det leid på sette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilæa som dei kallar Nasaret,

27 åt ei møy som var trulova med ein mann som heitte Josef, av Davids-ætti, og møyi heitte Maria.

28 Då engelen kom inn til henne, sagde han: «Guds fred, du som hev fenge slik nåde! Herren er med deg! Velsigna er du millom kvinnor!»

29 Ved desse ordi stokk ho, og tenkte med seg: «Kva er dette for ei helsing?»

30 Men engelen sagde til henne: «Ver ikkje rædd, Maria! Du hev funne nåde hjå Gud!

31 Du skal verta med barn og få ein son, og kalla honom Jesus.

32 Han skal vera stor og kallast son åt den Høgste, og Herren Gud skal gjeva honom kongsstolen åt David, ættfaren hans;

33 han skal vera konge yver Jakobs-ætti i all æva, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

34 «Korleis skal det ganga til, når eg ikkje hev mann?» sagde Maria.

35 «Den Heilage Ande skal koma yver deg, og krafti åt Den Høgste skal skyggja yver deg,» svara engelen; «difor skal og det heilage som vert født, kallast Guds Son.

36 Og høyr: Elisabet, som er skyld deg, skal og hava ein son på sine gamle dagar; dei sagde ho var ikkje barnkjømd, men no er ho alt i sette månaden;

37 for ingen ting er umogeleg for Gud.»

38 Då sagde Maria: «Her stend eg - eg er Herrens tenestkvinna! Lat det ganga meg som du hev sagt!» So for engelen burt att.

39 Straks etter tok Maria av stad, og for so fort ho kunde upp i fjellbygderne, til ein by i Judaland;

40 der gjekk ho inn i huset åt Zakarja og helsa på Elisabet.

41 Då hende det at med same Elisabet høyrde helsingi hennar Maria, hoppa fostret i livet hennar; og ho vart fyllt av den Heilage Ande,

42 og kvad med høg røyst: «Velsigna vere du i kvendeflokk, velsigna det du under beltet ber!

43 Kvi skal det timast meg so store ting at mor åt Herren min kjem hit til meg?

44 For då di helsing nådde øyra mitt, då hoppa fostret i mitt liv av frygd.

45 Ja, sæl er ho som leit på Herrens ord, at det han hadde lova, laut gå fram!»

46 Og Maria svara: «Mi sjæl høglovar Herren,

47 mitt hjarta gleder seg i Gud, min frelsar!

48 Han tenkte på si ringe tenestkvinna! For ifrå denne stund skal alle ætter kalla meg for sæl.

49 Stort er det han for meg hev gjort den Megtige, og heilagt er hans namn;

50 frå ætt til ætt hans miskunn når mot deim som ottast honom.

51 Velduge verk so gjer hans sterke arm; storlåtne spreider han for ver og vind med deira høgferds-hug;

52 han støyter hovdingar frå høgsæte og lyfter låge upp;

53 Hungrige mettar han med gode gåvor, og rikingar rek han tomhendte burt.

54 Han sytte vel for Israel, sin svein; til evig tid han minnast vil -

55 So var hans ord til federn’ våre - si miskunn mot Abraham og hans ætt.»

56 Maria vart verande hjå henne um lag tri månader; sidan for ho heim att.

57 So kom tidi at Elisabet skulde eiga barn, og ho åtte ein son.

58 Og då grannarne og skyldfolket høyrde kor stor ein nåde Herren hadde vist henne, vart dei glade og ynskte henne til lukka.

59 Åtte dagar etter kom dei og skulde umskjera guten; men då dei vilde kalla honom Zakarja etter faren,

60 tok mor hans til ords og sagde: «Nei, han skal heita Johannes!»

61 «Det er ingen i ætti som heiter so,» svara dei,

62 og dei gjorde teikn til faren, kva han vilde guten skulde kallast.

63 Då bad han um ei tavla og skreiv: «Johannes er namnet hans!» Alle undra seg;

64 men i det same fekk han att mål og mæle, og han tala og prisa Gud.

65 Då kom der ein otte på alle dei som budde der ikring; i heile Judaheidi vart alt dette mykje umtala,

66 og kvar den som høyrde det, tok det til minnes og sagde: «Kva tru den guten er etla til?» For Herren heldt si hand yver honom.

67 Men Zakarja, far hans, vart fyllt av den Heilage Ande, og han tala profetord og kvad:

68 «Velsigna vere Herren, Israels eigen Gud! Til lyden sin han lydde, og løyste deim or band;

69 ei frelsarmagt vekt’ han oss upp, ei veldug, uti Davids ætt, som var hans trugne svein -

70 Som han frå fordom gjenom Heilag profetmunn sagde:

71 Frå fiendarne frelsa, frå kvar ei hatarhand!

72 Han vil federn’ våre vel, og kom i hug den heilage og støde pakti si,

73 den eid han hadde svore vår ættfar, Abraham.

74 Han vilde ut oss fria or fiendsmagt og fiendsvald, so me han utan rædsl’ og rygd,

75 i rettferd og med heilag hug kann tena all vår tid.

76 Du og, min son, skal kallast Allhøge Guds profet, skal fyre Herren fara, og rydja vel hans veg,

77 og læra lyden hans å sjå frelsa, dei finna skal når han all deira synd forlet.

78 For miskunnsam av hjarta er han, vår gode Gud, ei stjerna let han skina for oss frå himmelhøgd,

79 Lysa for deim som sit i myrkr og daudsens skodd, og styra inn på velferds-veg vår fot.»

80 Og guten voks og vart sterk i åndi; han heldt seg i øydemarkerne til tidi kom då han skulde førast fram for Israel.

2. kapitlet

1 I dei dagarne let keisar Augustus lysa ut at det skulde takast manntal yver heile verdi.

2 Dette var fyrste gongen dei tok manntal med Kvirinius var landshovding i Syria.

3 Då for alle heim, kvar til sin eigen by, og skulde skriva seg i manntalet.

4 Josef og for frå Galilæa, frå den byen som heiter Nasaret, upp til Judæa, til Davidsbyen, den som dei kallar Betlehem - for han høyrde til Davids hus og ætt -

5 og vilde skriva seg der. Maria, festarmøyi hans, var med honom; ho gjekk då med barn,

6 og med dei var der, bar det so til at tidi hennar kom,

7 og ho åtte den fyrste sonen sin; ho sveipte honom og lagde honom i ei krubba, for det var ikkje rom åt dei i herbyrget.

8 Det var nokre hyrdingar der i bygdi som låg ute og vakta buskapen sin um natti.

9 Best det var, stod ein engel frå Herren innmed deim, og Herrens herlegdom lyste kringum deim. Då vart dei fælande rædde;

10 men engelen sagde til deim: «Ver ikkje rædde! Eg kjem med bod til dykk um ei stor gleda som skal timast alt folket:

11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren!

12 Og det skal de hava til merke: de skal finna eit lite barn som er sveipt og ligg i ei krubba.»

13 Og brått var det ein stor her av himmelånder med engelen; dei lova Gud og kvad:

14 «Æra vere Gud i det høgste, og fred på jordi, og hugnad med menneskje!»

15 Då englarne hadde fare burt att og upp til himmelen, sagde hyrdingarne seg imillom: «Lat oss no ganga radt til Betlehem og sjå dette som hev hendt, og som Herren hev vitra oss um!»

16 So skunda dei seg dit, og fann Maria og Josef, og det vesle barnet som låg i krubba.

17 Og då dei hadde set det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt deim um dette barnet.

18 Alle som høyrde på hyrdingarne, undra seg yver det dei fortalde;

19 men Maria gøymde alle desse ordi i hjarta, og gruna på deim.

20 Og hyrdingarne for heim att, og lova og prisa Gud for alt det dei hadde høyrt og set, og som høvde so vel med det som var sagt deim.

21 Då åtte dagar var lidne, og han skulde umskjerast, kalla dei honom Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt, fyrr han var komen i morsliv.

22 So snart reinsingstidi som er fyreskrivi i Moselovi, var til endes for deim, tok dei honom med seg upp til Jerusalem; dei vilde te honom fram for Herren

23 - soleis som det stend skrive i Herrens lov: «Alt mannkyn som kjem fyrst frå morsliv, skal kallast heilagt åt Herren» -

24 og vilde bera fram offer, etter det som er sagt i Herrens lov: «eit par turtelduvor eller tvo duveungar.»

25 I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon, ein rettferdig og gudleg mann, som venta på Israels trøyst; den Heilage Ande var yver honom,

26 og hadde vitra honom um at han ikkje skulde fara or verdi, fyrr han hadde set Herrens Messias.

27 No kom han til templet - det var Anden som dreiv honom - og då foreldri kom berande inn med Jesus-barnet, og vilde fara med det som visi var etter lovi,

28 tok han det og på armarne, og lova Gud og sagde:

29 «Herre, no gjev du din tenar heimlov, som ordet ditt lydde, og let han fara i fred!

30 For no fekk auga mitt skoda di frelsa,

31 som du hev skipa til for åsyni åt alle folk,

32 eit ljos som for heidningarn’ lyser, ein herlegdom og ei æra for Israel, folket ditt eige.»

33 Far hans og mor hans undra seg yver det som vart sagt um honom.

34 Og Simeon velsigna deim og sagde til Maria, mor hans: «Dette barnet er sett til fall og uppreising for mange i Israel og til eit motsegjingsteikn;

35 men deg og skal sverdet stinga gjenom hjarta; då kjem det upp kva tankar mange gøymde i hugen.»

36 Det var og ei profetkvinna der, Anna Fanuelsdotter av Assers-ætti. Ho var langt ut i åri; etter ho vart gift, hadde ho butt i hop med mannen sin i sju år,

37 og sidan sete enkja i heile fire og åtteti år. Ho kom aldri frå templet, og tente Gud i bøn og fasta natt og dag.

38 I denne stundi gjekk ho fram og takka og prisa Gud, og tala um barnet til alle som venta på frelsa for Jerusalem.

39 Då dei hadde gjort alt som er fyreskrive i Herrens lov, for dei attende til heimstaden sin, Nasaret i Galilæa.

40 Og barnet voks, og vart sterkt og fullt av visdom, og Guds nåde var yver honom.

41 År um anna for foreldri hans til Jerusalem i påskehelgi.

42 Då han var tolv år, drog dei og dit upp, som skikk og bruk var på høgtidi;

43 men då dei hadde vore der høgtidsdagarne til endes, og skulde taka på heimvegen, vart Jesus-barnet att i Jerusalem, og foreldri hans gådde det ikkje.

44 Dei tenkte han var med i ferdafylgjet, og for ei dagsleid fram, og leita etter honom millom skyldfolk og kjenningar.

45 Som dei no ikkje fann honom, for dei attende til Jerusalem, og leita etter honom der;

46 og då tri dagar var lidne, fann dei honom i templet; der sat han midt ibland lærarane og lydde på deim og spurde deim,

47 og alle som høyrde på honom, var reint upp i under kor vitug han var, og for svar han gav.

48 Då dei fekk sjå honom, vart dei mest frå seg av undring, og mor hans sagde: «Kvi for du soleis åt mot oss, barn? Far din og eg hev leita so sårt etter deg!»

49 «Kvifor leita de etter meg?» svara han; «visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt far min?»

50 Men dei skyna ikkje kva han meinte med det ordet.

51 So fylgde han deim heim til Nasaret, og var lydug mot deim. Men mor hans gøymde alt dette i hjarta sitt.

52 Og Jesus gjekk fram i visdom og vokster og velvilje hjå Gud og menneskje.

3. kapitlet

1 I det femtande styringsåret åt keisar Tiberius, med Pontius Pilatus var landshovding i Judæa, og Herodes fylkeskonge i Galilæa, og Filip, bror hans, fylkeskonge i Ituræa- og Trakonitis-landet, og Lysanias fylkeskonge i Abilene,

2 og med Annas og Kajafas var øvsteprestar, kom Guds ord til Johannes, son åt Zakarja, i øydemarki.

3 Då for han kring i heile Jordan-kverven, og ropa ut umvendingsdåp til forlating for synderne,

4 som skrive stend i spådomsboki åt Jesaja, profeten: «Høyr han som ropar i heidi: «Rydje vegen for Herren, jamne stigarne hans!

5 Kvart djuv skal fyllast, kvart fjell skal lægjast, og kvar ein haug; beint skal det verta det som krokut var, staupute vegen han skal verta slett,

6 og kvart eit liv Guds frelsa skoda skal.»»

7 Som no folket kom ut og vilde få honom til å døypa seg, sagde han til deim: «Orme-ungar, kven lærde dykk å røma frå vreiden som skal koma?

8 Ber då frukter som høver med umvendingi, og gjev dykk ikkje til å tenkja som so: «Me hev Abraham til far!» for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinarne.

9 Øksi ligg alt innmed roti på treet; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.»

10 «Kva skal me då gjera?» spurde folket.

11 Han svara deim: «Den som hev tvo trøyor, skal skifta med den som ingi hev, og den som hev mat, skal gjera sameleis.»

12 Det kom og nokre tollmenner som vilde døypast, og sagde: «Meister, kva skal me gjera?»

13 «Krev ikkje meir enn de er fyresagde!» svara han.

14 Like eins var det nokre hermenner som spurde honom: «Kva skal då me gjera?» Då svara han: «De skal ikkje plåga folk eller truga pengar utav deim! De skal nøgja dykk med løni dykkar!»

15 Men folket gjekk i venting, og alle tenkte um Johannes: «Tru han er Messias?»

16 Då tok han til ords og sagde til alle: «Eg døyper dykk med vatn; men det kjem ein som er sterkare enn eg - eg er ikkje verdig å løysa skobandet hans; han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld.

17 Han hev kasteskovli i handi, og skal gjera av låven sin, og samla kornet i stabburet sitt; men agnerne skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.»

18 Dette og mykje anna lagde han folket på hjarta, og kunngjorde evangeliet åt deim.

19 Men då han tala til Herodes, fylkeskongen, for giftarmålet med Herodias, brorkona hans, og for alt det vonde han hadde gjort,

20 so gjorde Herodes det og attpå alt, at han sette Johannes i fengsel.

21 Då no alt folket vart døypt, og Jesus og var døypt, då hende det, med han bad, at himmelen opna seg,

22 og den Heilage Ande dala ned yver honom i duveham, og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er son min, som eg elskar; deg hev eg hugnad i.»

23 Jesus var um lag tretti år då han stod fram, og var, etter som dei meinte, son åt Josef, son åt Eli,

24 son åt Mattat, son åt Levi, son åt Melki, son åt Jannai, son åt Josef,

25 son åt Mattatias, son åt Amos, son åt Nahum, son åt Esli, son åt Naggai,

26 son åt Ma’at, son åt Mattatias, son åt Sime’i, son åt Josek, son åt Joda,

27 son åt Johanan, son åt Resa, son åt Zerubbabel, son åt Salatiel, son åt Neri,

28 son åt Melki, son åt Addi, son åt Kosam, son åt Elmadam, son åt Er,

29 son åt Josva, son åt Eliezer, son åt Jorim, son åt Mattat, son åt Levi,

30 son åt Simeon, son åt Juda, son åt Josef, son åt Jonam, son åt Eljakim,

31 son åt Melea, son åt Menna, son åt Mattata, son åt Natan, son åt David,

32 son åt Isai, son åt Obed, son åt Boaz, son åt Salmon, son åt Nahson,

33 son åt Amminadab, son åt Ram, son åt Hesron, son åt Peres, son åt Juda,

34 son åt Jakob, son åt Isak, son åt Abraham, son åt Tarah, son åt Nahor,

35 son åt Serug, son åt Re’u, son åt Peleg, son åt Eber, son åt Salah,

36 son åt Kenan, son åt Arpaksad, son åt Sem, son åt Noah, son åt Lamek,

37 son åt Metusalah, son åt Enok, son åt Jared, son åt Malalael, son åt Kenan,

38 son åt Enos, son åt Set, son åt Adam, Guds son.

4. kapitlet

1 Full av den Heilage Ande vende Jesus att ifrå Jordan, og Anden dreiv honom kring i øydemarki

2 i fyrti dagar, alt med han vart freista av djevelen. I dei dagarne åt han ingen ting, og då dei var lidne, kjende han seg svolten.

3 Då sagde djevelen til honom: «Er du Guds Son, so seg til denne steinen at han skal verta brød.»

4 Jesus svara honom so: «Det stend skrive: «Menneskja liver ikkje berre av brød, men av kvart eit Guds ord.»»

5 So førde djevelen honom upp på eit høgt fjell, og synte honom alle heimsens rike i ein augneblink,

6 og sagde til honom: «Deg vil eg gjeva magt yver alt dette og alt gjævt og gildt som finst i desse riki; for det er lagt i mi hand, og eg gjev det åt kven eg vil;

7 fell du no på kne og tilbed meg, so skal det vera ditt alt saman.»

8 Men Jesus svara: «Det stend skrive: «Herren, din Gud, skal du tilbeda; honom og ingen annan skal du tena!»»

9 So førde djevelen honom til Jerusalem, og sette honom ytst på tempeltaket og sagde til honom: «Er du Guds son, so kasta deg ned herifrå!

10 For det stend skrive: «Han englarne sine bjoda skal at dei tek vare på deg vel,»

11 og: «På hender dei deg bera skal, so aldri du på nokon stein skal turva støyta foten din.»»

12 Då svara Jesus: «Det er sagt: «Du skal ikkje freista Herren, din Gud.»»

13 Då djevelen soleis hadde freista honom på alle vis, gjekk han ifrå honom, og let honom vera i fred ei tid.

14 So for Jesus attende til Galilæa, fyllt av den krafti som Anden gav honom, og ordet um honom kom ut yver alle bygderne der ikring.

15 Han lærde i synagogorne deira, og alle rosa honom.

16 Soleis kom han og ein gong til Nasaret, der han var uppalen, og gjekk inn i synagoga på kviledagen, som han var van med; han reiste seg og vilde lesa åt deim,

17 og dei gav honom boki åt profeten Jesaja. Då han slo henne upp, fann han den staden der det stend:

18 «Ja, Herrens Ånd er yver meg, for han hev salva meg te bera ut eit fagnadbod åt fatige; sendt hev han meg te ropa ut for fangar fridoms dag og lova blinde augneljoset klårt, te løysa deim som trælka er, or tvang,

19 Te lysa ut eit hugnads-år frå Herren.»

20 Då han hadde late att boki og gjeve henne til tenaren, sette han seg, og alle som i synagoga var, heldt augo sine feste på honom.

21 So tok han til ords og byrja soleis: «I dag hev dette skriftordet sannast, som de sjølve kann høyra.»

22 Og alle let vel um honom, og undra seg yver dei ovfagre ordi som kom frå hans munn. «Er ’kje dette son åt Josef?» sagde dei.

23 Då sagde han til deim: «De vil visst segja med meg som det stend i ordtøket: «Lækjar, læk deg sjølv! Me hev høyrt um alt det som er gjort i Kapernaum - gjer no like eins her i fødesheimen din!»

24 Men eg segjer dykk for sant,» heldt han fram: «Ingen profet er velkomen i heimbygdi si.

25 Og det segjer eg dykk med sannom: Det var mange enkjor i Israel i Elias’ dagar, då himmelen var stengd i tri år og seks månader, so det vart stor svolt og naud i heile landet,

26 og endå vart ’kje Elias send til nokor av deim, men berre til Sarepta i Sidonarlandet, til ei enkja der.

27 Og det var mange spilte i Israel den tid profeten Elisa livde, og endå vart ingen av deim rein att, men berre Na’aman, syraren.»

28 Då dei i synagoga høyrde det, vart dei alle brennande harme.

29 Dei for upp og dreiv honom ut or byen og førde honom burt på bruni av det fjellet som byen deira var bygd på; der vilde dei støyta honom utyver.

30 Men han gjekk midt igjenom flokken og for sin veg.

31 So kom han ned til Kapernaum, ein by i Galilæa. Der lærde han folket på kviledagen;

32 og dei var reint tekne av det han lærde deim, for det var magt i talen hans.

33 I synagoga var det ein mann som hadde ei urein ånd i seg. Han sette i og ropa so høgt han kunde:

34 «Hu! Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende på oss? Eg veit kven du er - den Heilage frå Gud!»

35 Jesus truga den vonde åndi og sagde: «Teg still, og far ut or honom!» So kasta åndi honom ned på jordi midt ibland deim og for ut or honom, men skadde honom ikkje.

36 Då kom det ein otte yver alle, og dei sagde seg imillom: «Kva er dette for ord? Med mynd og magt talar han til dei ureine ånderne, og dei fer ut!»

37 Og det gjekk gjetordet av honom utyver alle bygderne der ikring.

38 So tok han ut frå synagoga, og gjekk heim til Simon. Vermor åt Simon låg sjuk og hadde sterke hiteflagor, og dei bad han vilde hjelpa henne.

39 Han gjekk innåt, og stod uppyver henne og truga sotti; då slepte sotti henne, og straks reis ho upp og stelte for deim.

40 Då soli gladde, kom alle til honom med sine sjuke, kva sjukdom dei so drogst med, og han lagde henderne på kvar ein av deim og lækte deim.

41 Mange for det og vonde ånder utor, og dei hua og ropa: «Du er Guds son!» Men han truga deim og gav deim ikkje lov til å tala, av di dei visste han var Messias.

42 Då det vart dag, drog han ut og for til ein øydestad. Folket leita etter honom, og då dei kom dit han var, freista dei å halda honom att, so han ikkje skulde ganga frå deim.

43 Då sagde han til deim: «Eg lyt bera ut fagnadbodet um Guds rike til dei andre byarne og; for det vart eg send for.»

44 Og han heldt ved og tala ordet i synagogorne i Galilæa.

5. kapitlet

1 Ein gong stod han nedmed Gennesaretsjøen, og folket trengde seg um honom og lydde på Guds ord;

2 då vart han var tvo båtar som låg ved strandi; fiskarane hadde gjenge utor deim og stod og skylde garni sine.

3 Han steig ut i ein av båtarne, som høyrde Simon til, og bad honom leggja eit lite stykke frå land; so sette han seg og lærde folket frå båten.

4 Då han hadde halde upp å tala, sagde han til Simon: «Legg ut på djupet og set ut garni dykkar, so de kann få fisk!»

5 «Meister, me hev stræva i heile natt og ingen ting fenge,» svara Simon; «men på ditt ord vil eg setja ut garni.»

6 So gjorde dei det, og då stengde dei slik ein brote med fisk at garni heldt på og skulde rivna.

7 Då vitta dei til lagsmennerne sine i hin båten, at dei skulde koma og taka i med deim, og då dei kom, fyllte dei båe båtarne, so det var nære på dei sokk.

8 Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sagde: «Gakk burt frå meg, Herre! Eg er ein syndug mann.»

9 For det kom ein støkk på honom og alle deim som var med honom, for skuld all fisken dei hadde sanka;

10 og like eins var det med Jakob og Johannes, sønerne åt Sebedæus, som var lagsbrørne åt Simon. Men Jesus sagde til Simon: «Ver ikkje rædd! Heretter skal du fanga menneskje.»

11 So rodde dei båtarne til lands og gjekk ifrå alt og fylgde honom.

12 Ein gong som han var i ein av byarne, var det der ein mann som var full av spillsykja; med same han såg Jesus, kasta han seg å gruve og bad: «Herre, dersom du vil, kann du gjera meg rein!»

13 Jesus rette ut handi og tok burtpå honom og sagde: «Eg vil; ver rein!» Og med ein gong gjekk spillsykja av honom.

14 Jesus sagde til honom at han ikkje måtte segja det med nokon: «Men gakk og te deg for presten, og ber fram offer for reinsingi di, etter det som Moses hev sagt, so du kann vitna for deim.»

15 Men ordet um honom for berre so mykje vidare utyver, og folk kom i flokk og fylgje og vilde høyra på honom og lækjast for sjukdomarne sine.

16 Sjølv heldt han seg avsides i øydemarkerne og bad.

17 Ein dag heldt han på og lærde folket, og der sat det farisæarar og lovlærarar, som var komne frå kvar grend i Galilæa og Judæa og frå Jerusalem, og Herrens kraft var yver honom og gav honom magt til å lækja.

18 Då kom nokre menner berande med ein som låg i ei seng og var lam; dei vilde bera honom inn og setja honom ned framfyre Jesus,

19 men såg seg ingi råd til å koma inn med honom for folkestimen. So gjekk dei upp på taket og fira honom med sengi ned millom taksteinarne, midt framfyre Jesus.

20 Då Jesus såg trui deira, sagde han: «Synderne dine er tilgjevne, mann!»

21 Då tok dei skriftlærde og farisæarane til å tenkja med seg: «Kva er dette for ein, som talar spottarord mot Gud? Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?»

22 Men Jesus skyna kva dei tenkte; han tok til ords og sagde til deim: «Kva er det for tankar de hyser i hjarta?

23 Kva er lettast: å segja: «Synderne dine er tilgjevne!» eller å segja: «Statt upp og gakk!»

24 Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi, so segjer eg deg» - sagde han til den lame -: «Statt upp, tak sengi di og gakk heim!»

25 Og med ein gong stod han upp, midt for augo deira, tok lega si og gjekk heim att, alt med han lova Gud.

26 Då vart dei alle so tekne at dei var reint frå seg; dei lova Gud og vart fulle av otte og sagde: «I dag hev me set utrulege ting.»

27 So gjekk han ut att. Då fekk han sjå ein tollmann som heitte Levi; han sat på tollbudi. Jesus sagde til honom: «Fylg meg!»

28 Då let han alle ting vera og stod upp og fylgde Jesus.

29 Levi gjorde eit stort gjestebod for honom i huset sitt; der var det ein heil flokk med tollmenner og andre, som sat til bords med deim.

30 Og farisæarane og dei skriftlærde som fylgdest med deim, murra og sagde til læresveinarne hans: «Kvifor et og drikk de i lag med tollmenner og syndarar?»

31 Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Dei friske treng ikkje lækjar, men det gjer dei som sjuke er.

32 Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til umvending.»

33 So sagde dei til honom: «Læresveinarne åt Johannes fastar tidt og ofte og held bøn, og det same gjer læresveinarne åt farisæarane, men dine læresveinar et og drikk!»

34 Jesus svara: «Kann de få brudlaupsfolket til å fasta med dei hev brudgomen hjå seg?

35 Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; når den tidi kjem, då skal dei fasta.»

36 Han sagde deim og ei likning: «Ingen riv eit stykke av ein ny kjole og hev det til bot på ein gamall; for då riv han ikkje berre den nye kjolen sund, men boti som han tok av den nye kjolen, høver ikkje på den gamle.

37 Og ingen hev ny vin på gamle lerflaskor; for då sprengjer den nye vinen flaskorne, og vinen renn ut, og flaskorne forferst.

38 Ny vin lyt ein hava på nye lerflaskor.

39 Og ingen som hev drukke gamall vin, hev hug på ny vin. «Den gamle er best!» segjer han.»

6. kapitlet

1 Den næstfyrste kviledagen bar det so til at han gjekk gjenom ein åker, og læresveinarne hans reiv av aks og gnudde deim millom henderne og åt.

2 Då sagde nokre av farisæarane: «Kvi gjer de slikt som ingen hev lov til å gjera på kviledagen?»

3 Men Jesus tok til ords og sagde til deim: «Hev de då ’kje lese kva David gjorde då han og mennerne hans var svoltne?

4 korleis han gjekk inn i Guds hus og tok skodebrødi og åt, og gav mennerne sine! Og dei brødi hev ingen lov til å eta utan berre prestarne.»

5 So sagde han til deim: «Menneskjesonen råder yver kviledagen og.»

6 Ein annan kviledag bar det so til at han gjekk inn i synagoga og lærde. Der var det ein mann som den høgre handi hans var nomi,

7 og dei skriftlærde og farisæarane gjætte på honom, um han vilde lækja på kviledagen, so dei kunde finna noko å klaga honom for.

8 Men han kjende tankarne deira, og sagde til mannen som hadde den nomne handi: «Reis deg upp, og kom fram!» Då reiste han seg upp og gjekk fram,

9 og Jesus sagde til deim: «Eg spør dykk: Er det rett å gjera godt på kviledagen eller å gjera vondt, berga liv eller øyda liv?»

10 So såg han rundt ikring på deim alle og sagde til mannen: «Rett fram handi di!» Han so gjorde, og handi hans vart god att.

11 Men dei vart so vonde at dei var reint frå vitet, og tala med kvarandre um kva dei skulde gjera med Jesus.

12 I dei dagarne hende det, at han gjekk upp i fjellet og vilde beda, og han var der heile natti i bøn til Gud.

13 Då det vart dag, kalla han til seg læresveinarne sine og valde ut tolv; deim kalla han apostlar.

14 Det var Simon - honom kalla han og Peter - og Andreas, bror hans, og Jakob, og Johannes, og Filip, og Bartolomæus,

15 og Mattæus, og Tomas, og Jakob, son åt Alfæus, og Simon, som dei kalla Zelotes,

16 og Judas, son åt Jakob, og Judas Iskariot, han som vart svikar.

17 So gjekk han nedyver i lag med deim, og vart standande på ei sletta. Der var ein heil flokk av læresveinarne hans, og ei stor mengd med folk frå heile Jødeland og Jerusalem og frå sjøbygderne ved Tyrus og Sidon,

18 som var komne for å høyra på honom og lækjast for sjukdomarne sine. Då vart dei gode att dei som var plåga av ureine ånder;

19 og alt folket freista å koma nær honom, for det gjekk ei kraft ut ifrå honom og lækte alle.

20 Då lyfte han upp augo og såg på læresveinarne sine og sagde: «Sæle de som fatige er! Guds rike er dykkar!

21 Sæle de som no svelt! De skal mettast! Sæle de som no græt! De skal koma til å læ!

22 Sæle er de når folk hatar dykk, og når dei stengjer dykk ute og spottar dykk, og bannlyser namnet dykkar som noko vondt for Menneskjesonen skuld.

23 Den dagen må de gleda dykk, ja, de må hoppa av gleda; stor er løni som ventar dykk i himmelen; for på same vis for federne deira åt mot profetarne.

24 Men ve yver dykk, de som rike er! De hev alt fenge hugnaden dykkar!

25 Ve yver dykk, de som no er mette! De skal koma til å svelta! Ve yver dykk som no lær! De skal syrgja og gråta!

26 Ve, når alle folk talar vel um dykk! For på same vis for federne deira åt med dei falske profetarne.

27 Men åt dykk segjer eg, de som høyrer: «Elska fiendarne dykkar! Gjer vel mot deim som hatar dykk!

28 Velsigna deim som bannar dykk! Bed for deim som talar ille um dykk!

29 Slær nokon deg på den eine kinni, so bjod den andre og fram! Tek nokon kjolen din frå deg, so neitta honom ikkje trøya heller!

30 Gjev kvar som bed deg, og tek nokon det som ditt er, so krev det ikkje att!

31 Gjer mot anna folk som de vil at dei skal gjera mot dykk!

32 Um de elskar deim som elskar dykk, kva er det å takka dykk for? syndarane elskar då og deim som deim elskar.

33 Og um de gjer vel mot deim som gjer vel mot dykk, kva er det å takka dykk for? so gjer syndarane og.

34 Og um de låner til deim som de ventar å få att av, kva er det å takka dykk for? syndarane låner og til syndarar på den måten at dei skal få like mykje att.

35 Nei, elska fiendarne dykkar, gjer vel og lån burt, og venta ikkje å få noko att! Då skal løni de fær vera stor, og de skal vera borni åt den Høgste; for han er god mot dei utakksame og vonde.

36 Ver miskunnsame, som Far dykkar er!

37 Døm ikkje, so skal de ikkje dømast! Fordøm ingen, so skal ingen fordøma dykk! Tilgjev, so skal de få tilgjeving!

38 Gjev, so skal dei gjeva dykk! Eit godt, stappa, sikka og yverfullt mål skal dei gjeva dykk i fanget. For det målet de mæler med, skal dei mæla att åt dykk med.»»

39 Han sagde deim og ei likning: «Kann ein blind leida ein blind? kjem dei ’kje båe til å falla i grefti?

40 Læresveinen er ikkje yver meisteren; men er han heilt utlært, so vert han lik meisteren sin.

41 Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var?

42 Korleis kann du segja med bror din: «Bror, lat meg taka ut flisi som sit i auga ditt!» du som ikkje ser bjelken i ditt eige auga? Hyklar! Tak fyrst bjelken ut or ditt auga, då kann du sjå å taka flisi ut or auga åt bror din.

43 For det finst ikkje noko godt tre som ber låk frukt, ikkje heller noko låkt tre som ber god frukt;

44 for treet kjenner me på den frukti det ber; ingen kann sanka fikor av tistlar eller plukka druvor av klunger.

45 Ein god mann ber fram berre godt av det gode han gøymer i hjarta sitt, og ein vond mann ber fram berre vondt av det vonde han gøymer på. For frå munnen hans kjem det som hjarta er fullt av.

46 Men kvi kallar de meg «Herre, Herre,» og gjer ikkje det som eg segjer?

47 Eg skal syna dykk kven han er lik, den som kjem til meg og høyrer ordi mine, og gjer etter deim:

48 han er lik ein mann som vilde byggja seg eit hus, og som grov djupt i tufti og lagde grunnsteinarne på berget. Då det so kom ein flaum, og straumen braut imot huset, vann han ikkje å rikka det, av di det var godt bygt.

49 Men den som høyrer, og ikkje gjer etter det han høyrer, han er lik ein mann som bygde seg eit hus på berre marki, forutan grunnsteinar. Då so straumen braut imot huset, datt det i hop med ein gong, og det vart eit stort fall då det huset datt.»

7. kapitlet

1 So tala Jesus, og folket lydde på honom; då han hadde tala til endes, gjekk han inn i Kapernaum.

2 Ein hovudsmann hadde ein dreng som låg so sjuk at det leid åt med honom, og den drengen heldt han svært gjæv.

3 Han hadde høyrt um Jesus, og no sende han nokre av rådsmennerne åt jødarne til honom, og bad at vilde koma og berga livet åt drengen.

4 Då dei kom til Jesus, bad dei honom so mykje at han skulde gjera det. «Han er verd at du gjer dette for honom,» sagde dei;

5 «for han elskar folket vårt, og det er han som hev bygt synagoga åt oss.»

6 Jesus gjekk med deim; men då han ikkje hadde langt att til huset, sende hovudsmannen nokre vener til honom med det bodet: «Herre, du skal ’kje umaka deg! Eg er for ring til at du skulde stiga inn under taket mitt;

7 difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men seg eit ord, so guten min vert god att!

8 For eg er og ein mann som må lyda deim som større er, og sjølv hev eg hersveinar under meg, og segjer eg til ein av deim: «Gakk!» so gjeng han, og til ein annan: «Kom!» so kjem han, og til tenaren min: «Gjer det!» so gjer han det.»

9 Då Jesus høyrde det, undra han seg yver mannen; han snudde seg, og sagde til folket som fylgde honom: «Det segjer eg dykk: Ikkje ein gong i Israel hev eg funne so stor ei tru.»

10 Då dei som hovudsmannen hadde sendt, kom attende til huset hans, fekk dei sjå at drengen var god att.

11 Snart etter bar det so til at Jesus for til ein by som heiter Nain, og læresveinarne hans og ein stor folkehop var med honom.

12 Då han kom nær innåt byporten, såg han at liket av ein ung mann vart bore ut; det var einaste sonen åt ei enkja; og mykje folk frå byen var med henne.

13 Då Herren vart var enkja, tykte han hjarteleg synd um henne og sagde til henne: «Gråt ikkje!»

14 Han gjekk innåt og tok i båri, og dei som bar, stana. So sagde han: «Unge mann, eg segjer deg: Statt upp!»

15 Og med ein gong reiste den daude seg upp og tok til å tala, og han gav honom åt mori.

16 Då vart alle tekne av otte; dei lova Gud og sagde: «Ein stor profet hev stade fram millom oss!» og: «Gud hev vitja sitt folk!»

17 Og det ordet um honom kom ut yver heile Jødeland og bygderne ikring.

18 Alt dette fekk Johannes bod um av læresveinarne sine. Då kalla han tvo av deim til seg,

19 og sende deim til Herren med dei ordi: «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?»

20 Då mennerne kom til Jesus, sagde dei: «Johannes, døyparen, sender oss til deg og spør: «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?»»

21 I same bilet lækte han mange for sjukdomar og plågor og vonde ånder, og mange blinde gav han syni;

22 so svara han deim: «Gakk og ber bod til Johannes um det de hev set og høyrt: Blinde fær att syni si, halte gjeng ikring, spilte vert reine, dauve høyrer, daude stend upp att, og fatige fær høyra fagnadbodet;

23 og sæl er den som ikkje styggjest ved meg!»

24 Då ærendsveinarne åt Johannes var gjengne, tok Jesus til å tala til folket um Johannes: «Kvi gjekk de ut i øydemarki? Vilde de sjå på ei røyr som svagar att og fram i vinden?

25 Kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein mann som er klædd i fine klæde? Nei, dei som er gildt klædde og liver sine dagar i ovlivnad, dei held til i kongeslotti.

26 Men kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein profet? Ja, segjer eg dykk, og det ein som er meir enn profet.

27 Det er um honom det er skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; der du vil fara, skal han vegen rydja.»

28 Eg segjer dykk: Det finst ingen større profet millom menneskjeborni enn Johannes; og endå er den minste i Guds rike større enn han.

29 Og alt folket som høyrde honom, tollmennerne med, gav Gud rett og tok imot dåpen åt Johannes;

30 men farisæarane og dei lovkunnige gjorde Guds råd til inkjes for seg, og tok ikkje imot dåpen hans.

31 Kven skal eg då likna folki i denne mannsalderen med? kven er det dei likjest?

32 Dei likjest borni som sit på torget og ropar til kvarandre: «Me let i fløyta åt dykk, og de dansa ikkje; me song eit syrgjekvæde, og de gret ikkje.»

33 For Johannes døyparen er komen; han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og so segjer de: «Han er forgjord!»

34 Menneskjesonen er komen; han et og drikk, og so segjer de: «Sjå for ein etar og drikkar! Han er godvener med tollmenner og syndarar!»

35 Men at visdomen hev rett, det hev alle sveinarne hans sanna.»

36 Ein av farisæarane bad honom eta hjå seg, og Jesus gjekk heim til honom og sette seg til bords.

37 No var det der i byen ei kvinna som hadde livt eit syndefullt liv; då ho fekk vita at han sat til bords hjå farisæaren, kom ho med ei alabaster-krukka full av myrrasalve

38 og sette seg gråtande nedmed føterne hans; so tok ho til å væta føterne hans med tårorne sine, og turka deim med håret sitt; og ho kysste føterne hans og smurde deim med myrrasalven.

39 Då farisæaren som hadde bede honom til seg såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, so visste han kva det er for ei kvinna som tek i honom, og kva slag menneskje ho er, at ho er ei syndefull kvinna.»

40 Då tok Jesus til ords og sagde til honom: «Simon, det er noko eg vil segja deg!» - «Tala, meister!» sagde han.

41 «Det var tvo som stod i skuld til ein utlånar; den eine var skuldig hundrad dalar, den andre ti.

42 Men dei hadde ikkje noko å greida for seg med, og so ettergav han deim båe skuldi. Kven av deim vil no elska honom mest?»

43 «Eg tenkjer, den som han ettergav mest,» svara Simon. «Du dømde rett,» sagde Jesus.

44 So snudde han seg mot kvinna og sagde til Simon: «Du ser denne kvinna! Eg kom inn i ditt hus - du gav meg ikkje vatn til føterne mine, men ho vætte føterne mine med tåror, og turka deim med håret sitt;

45 du gav meg ingen kyss, men ho hev halde ved og kysst føterne mine frå den stund eg kom inn;

46 du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føterne mine med myrrasalve.

47 For den skuld segjer eg deg: Tilgjevne er dei mange synderne hennar; difor er det ho elskar so mykje; men den som lite vert tilgjeve, elskar lite.»

48 So sagde han til henne: «Tilgjevne er synderne dine!»

49 Dei som sat med til bords, tok til å tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?»

50 Men han sagde til kvinna: «Trui di hev frelst deg! Gakk heim, og liv sæl.»

8. kapitlet

1 I den tidi som no fylgde på, for han kring i landet, frå by til by og frå grend til grend, og tala for folket og bar ut fagnadbodet um Gudsriket. Dei tolv var med honom,

2 og like eins nokre kvinnor som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar; det var Maria, Magdalena dei kalla, som sju djevlar hadde fare utor,

3 og Johanna, kona åt Kuzas, ein av futarne åt Herodes, og Susanna, og mange andre, som var deim til hjelp med det dei hadde.

4 Som det no samla seg mykje folk, og dei kom til honom frå byarne rundt ikring, sagde han i ei likning:

5 «Ein såmann gjekk ut og skulde så sædet sitt. Og då han sådde, fall noko frammed vegen og vart nedtrakka, og fuglarne i lufti åt det upp.

6 Sumt fall på berg, og då det voks upp, skein det burt, av di det ikkje hadde væta.

7 Sumt fall millom klunger, og klungeren voks med og kjøvde det.

8 Sumt fall i god jord, og då det voks upp, gav det grøda i hundrad foll.» Som han sagde det, ropa han: «Høyr etter, kvar som høyra kann!»

9 Læresveinarne spurde honom kva den likningi skulde tyda.

10 Då sagde han: «De fer vita løyndomarne i Guds rike, men dei andre fær høyra deim i likningar, so um dei ser, skal dei ’kje sjå, og um dei høyrer, skal dei ikkje håtta.

11 Men likningi er so å tyda: Sædet er Guds ord.

12 Dei frammed vegen er dei som høyrer ordet; so kjem djevelen og tek det burt or hjarta deira, so dei ikkje skal tru og verta frelste.

13 Dei på berget er dei som tek imot ordet med gleda når dei høyrer det; men dei hev ikkje rot; dei trur for eit bil, men i freistingsstundi fell dei frå.

14 Det som fall millom klungeren, det er dei som høyrer det, men so gjeng burt og vert kjøvde i suter og rikdom og verdsleg lyst, so dei ikkje ber fullmogi grøda.

15 Men det i den gode jordi, det er dei som høyrer ordet og gøymer det i eit vænt og godt hjarta, og ber grøda i tolmod.

16 Ingen kveikjer eit ljos og gøymer det under eit kjer eller set det under ei seng; alle set det i ein stake, so dei som kjem inn, kann sjå ljosken.

17 For det finst ingen ting som er løynt og ikkje ein gong vert berrsynt, og ingen ting som er dult og ikkje ein gong vert kunnigt og kjem fram i dagen.

18 Sjå då til korleis de høyrer! For den som hev, han skal få, og den som ikkje hev, skal missa endå det som han tykkjest hava.»

19 Mor hans og brørne hans kom ein gong og vilde finna honom, men kunde ikkje koma innåt honom for folkestimen.

20 Då fekk han det bodet: «Mor di og brørne dine stend utanfor og vil sjå deg.»

21 Han svara: «Mor mi og brørne mine, det er dei som høyrer Guds ord og gjer etter det.»

22 Ein dag bar det so til at han steig ut i ein båt. Læresveinarne var med, og han sagde til deim: «Lat oss fara yver til hi sida av vatnet!» So lagde dei utpå,

23 og med dei siglde, sovna han. Og det for ein kvervelvind ned på vatnet, so båten gjekk full, og dei var i fåre.

24 Då gjekk dei burt til honom og vekte honom og sagde: «Meister, meister, me gjeng under!» Jesus reis upp og aga vinden og bårorne, so dei lagde seg, og det vart blikende stilt.

25 So sagde han til deim: «Kvar er trui dykkar?» Men dei var fulle av otte og undring, og sagde seg imillom: «Kven tru han er, denne mannen som jamvel vindarne og vatnet lyder når han talar til deim?»

26 So sigla dei fram til Gerasenar-bygdi, som ligg midt imot Galilæa.

27 Då han steig i land, kom ein mann frå byen imot honom. Mannen var forgjord; det var vonde ånder i honom. Han hadde ikkje på lenge havt klæde på seg, og bia ikkje i hus, men heldt seg i gravholorne.

28 Då han såg Jesus, sette han i og hua; so kasta han seg ned for føterne hans og sagde med høg røyst: «Kva vil du meg, Jesus, son åt den høgste Gud? Eg bed deg at du ikkje vil pina meg!»

29 For Jesus sagde til den ureine åndi at ho skulde fara ut or mannen; for ho hadde gripe honom mange vendor - då batt dei honom med lekkjor og fotjarn, og heldt vakt yver honom; men han reiv sund bandi, og den vonde åndi dreiv honom ut i øydemarkerne -.

30 «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion,» svara han; for det hadde fare mange ånder i honom,

31 og dei bad at han ikkje vilde lata deim fara ned i avgrunnen.

32 No var det der ein stor flokk med svin som gjekk og beitte i fjellet; so bad ånderne at han vilde gjeva deim lov til å fara inn i svini, og det gav han deim lov til.

33 Då for dei ut or mannen, og for i svini; og heile flokken sette utyver stupet ned i vatnet og druknast.

34 Då gjætarane såg kva som hende, rømde dei, og sagde frå um det i byen og på gardarne.

35 Då gjekk folk ut og vilde sjå kva som hendt var. Då dei so kom til Jesus, fekk dei sjå at mannen som dei vonde ånderne hadde fare ut or, sat klædd nedmed føterne hans, og var med sitt fulle vit. Då vart dei forfærde;

36 og då dei som hadde set det, fortalde korleis den forgjorde hadde vorte berga,

37 kom heile ålmugen frå bygderne der ikring, Gerasenar-bygderne, og bad at han vilde fara burt ifrå deim; for dei var so tekne av otte. So gjekk han i båten og for attende.

38 Mannen som ånderne hadde fare ut or, bad um han måtte vera hjå honom; men Jesus sende honom frå seg og sagde:

39 «Gakk heim att, og fortel kor mykje Gud hev gjort for deg.» So gjekk mannen og tala kring i heile byen um alt det Jesus hadde gjort for honom.

40 Då Jesus kom att, bad folket honom vera velkomen; for alle venta på honom.

41 Best det var, kom det ein mann som heitte Jairus, og var forstandar for synagoga; han kasta seg ned for Jesu føter og bad honom koma heim til seg;

42 for han hadde ei dotter som var um lag tolv år; ho var einaste barnet hans, og no låg ho og drogst med dauden. Som no Jesus gjekk i veg, trengde folket seg um honom på alle kanter.

43 Millom deim var det ei kvinna som hadde havt blodflod i tolv år; ho hadde øydt heile midelen sin på lækjarar, men ingen hadde vore god til å gjera henne frisk;

44 ho gjekk innåt honom attantil og tok i ein av duskarne på kjolen hans, og med ein gong stana blodflodi.

45 «Kven var det som tok i meg?» spurde Jesus. Alle neitta, og Peter og felagarne hans sagde: «Meister, det er folket som trykkjer og trengjer deg!»

46 «Det var ein som tok i meg,» sagde Jesus; «for eg kjende at det for ei kraft ut ifrå meg.»

47 Då kvinna såg at det ikkje var dult det ho hadde gjort, kom ho skjelvande og kasta seg ned for honom og fortalde, so heile folket høyrde det, kvifor ho hadde teke i honom, og korleis ho hadde vorte god att med ein einaste gong.

48 Då sagde han til henne: «Trui di hev hjelpt deg, dotter mi. Gakk heim, og liv sæl!»

49 Fyrr han hadde tala ut, kjem det ein frå heimen åt synagoge-forstandaren og segjer: «Dotter di hev slokna. Umaka ikkje meisteren lenger!»

50 Då Jesus høyrde det, tok han til ords og sagde til honom: «Ottast ikkje! Berre tru, so skal ho verta berga!»

51 Då han so kom til huset, let han ingen få ganga inn med seg utan Peter og Johannes og Jakob og far og mor åt barnet.

52 Alle gret og jamra yver henne; men han sagde: «Gråt ikkje! Ho hev ikkje slokna; ho søv.»

53 Men dei berre log åt honom; for dei visste at ho var slokna.

54 So tok han henne i handi og ropa: «Ris upp, barn!»

55 Då kom åndi hennar att, og ho reis upp med ein gong; og han sagde med deim at dei skulde gjeva henne mat.

56 Foreldri hennar var reint frå seg av gleda. Men han forbaud deim å tala til nokon um det som var hendt.

9. kapitlet

1 Jesus kalla i hop dei tolv, og gav deim magt og velde yver alle vonde ånder, og til å lækja sjukdomar.

2 So sende han deim ut, so dei skulde forkynna Guds rike og gjera sjuke gode att,

3 og han sagde til deim: «Tak ingen ting med dykk på vegen, ikkje stav, ikkje skreppa, ikkje brød, ikkje pengar! Ikkje heller skal de hava tvo trøyor!

4 Når de kjem inn i eit hus, so ver der, og flytt ikkje ifrå att, fyrr de fer lenger!

5 Men er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk, so far burt frå den bygdi, og rist dusti av føterne dykkar! Det skal vera eit vitnemål mot deim.»

6 So tok dei ut og for ikring frå grend til grend og forkynte evangeliet, og lækte folk kvar dei kom.

7 Herodes, fylkeskongen, fekk høyra um alt det som hende; då visste han ikkje kva han skulde tru; for sume sagde: «Johannes er vekt upp frå dei daude!»

8 sume: «Elia hev synt seg!» andre: «Ein av dei gamle profetarne hev stade upp att!»

9 «Johannes hev eg hogge hovudet av,» sagde Herodes; «kva er so dette for ein, som eg høyrer sovore um?» Og han freista å få sjå honom.

10 Då apostlarne kom att, fortalde dei Jesus alt dei hadde gjort. Då tok han deim med seg burt til ein by som heiter Betsaida, og vilde vera åleine med deim.

11 Men folket fekk vita det og fylgde etter honom; og han tok vel imot deim og tala til deim um Guds rike, og lækte deim som lækjedom trong.

12 Då dagen tok til å halla, gjekk dei tolv fram til honom og sagde: «Send folket frå deg, so dei kann ganga til grenderne og gardarne her ikring og koma i hus og få seg noko til å liva av! For her er me på ein øydestad.»

13 «Gjev de deim mat!» svara han. «Me hev ’kje meir enn fem brødleivar og tvo fiskar,» sagde dei; «eller skal me ganga ’stad og kjøpa mat åt alt dette folket?»

14 - det var um lag fem tusund mann. Då sagde han til læresveinarne: «Lat deim setja seg ned i bordlag på ikring femti mann!»

15 Dei so gjorde, og let alle setja seg.

16 So tok han dei fem brødleivarne og dei tvo fiskarne, og såg upp imot himmelen og velsigna deim, og han braut deim i molar og gav det til læresveinarne, so dei skulde setja det fram for folket.

17 So åt dei; og alle vart mette; og då det vart samla upp det som vart att etter deim, var det tolv korger fulle med molar.

18 Ein gong som han var åleine og bad, og læresveinarne var med honom, spurde han deim: «Kven segjer folk at eg er?»

19 «Johannes døyparen,» svara dei; «men sume segjer: «Elia,» og sume at ein av dei gamle profetarne hev stade upp att.»

20 «Kven segjer då de at eg er?» spurde han. Då tok Peter til ords og sagde: «Guds Messias!»

21 Men det forbaud han deim strengt å tala til nokon um.

22 Og han sagde: «Menneskjesonen lyt lida mykje; styresmennerne og øvsteprestarne og dei skriftlærde kjem til å vanda honom, og han lyt lata livet; men tridje dagen skal han vekkjast upp att.»

23 So sagde han til alle: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv og dag for dag taka krossen sin upp og fylgja etter meg.

24 For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, han skal berga det.

25 Kva gagnar det ein mann, um han vinn heile verdi, men øyder eller taper seg sjølv?»

26 «For den som skjemmest ved meg og ordi mine, han skal Menneskjesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen som skin kring honom og Faderen og dei heilage englarne.

27 Men det segjer eg dykk med sannom: Det er sume av deim som her stend som ikkje skal smaka dauden fyrr dei fær sjå Guds rike.

28 Um lag åtte dagar etter han hadde tala desse ordi, hende det at han tok Peter og Johannes og Jakob med seg og gjekk upp i fjellet og vilde beda.

29 Og medan han bad, fekk andlitet hans ein annan dåm, og klædnaden hans vart kvit og blenkte som ljonet.

30 Og best det var, stod det tvo menner og tala med honom; det var Moses og Elia;

31 dei synte seg i herlegdom, og tala um hans burtgang, som han skulde fullføra i Jerusalem.

32 Peter og felagarne hans var tunge av svevn; men då dei vakna, såg dei herlegdomen som lyste frå Jesus, og såg dei tvo mennerne som stod innmed honom.

33 Då so dei skulde skiljast med honom, sagde Peter til Jesus: «Meister, det er godt me er her! Lat oss gjera tri hyttor, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia!» - han visste ikkje kva han sagde.

34 Med han tala soleis, kom det ei sky og skygde yver deim, og dei vart rædde då dei kom inn i skyi.

35 Då kom det ei røyst utor skyi: «Dette er son min, han som eg hev kåra meg ut! Honom skal de høyra på!»

36 Men då røysti kom, var det ingen å sjå utan Jesus. Dei tagde med dette og tala ikkje den gongen til nokon um noko av det dei hadde set.

37 Dagen etter, då dei var komne ned av fjellet, kom ein stor folkehop imot honom.

38 Best det var, ropa ein mann utor hopen: «Meister, eg bed deg: Sjå til son min; han er einaste barnet mitt!

39 Rett som det er, grip ei ånd honom, og brått set han i og huar; og åndi slit honom til fraudi stend kring munnen på honom; det er med naudi ho vil sleppa guten, og då gjer ho mest ende på honom;

40 eg bad læresveinarne dine at dei vilde driva henne ut; men dei kunde ikkje.»

41 Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk og tola dykk? Kom hit med son din!»

42 Fyrr guten kunde nå fram til Jesus, reiv åndi og sleit i honom. Men Jesus truga den ureine åndi og gjorde guten god att, og gav honom att åt faren.

43 Og alle var tekne av age og undring yver Guds velde.

44 Med alle var upp i under yver alt det han gjorde, sagde han til læresveinarne sine: «Høyr vel etter desse ordi, og legg deim på minne: Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender!»

45 Men dei skyna ikkje det ordet; det var dult for deim, so dei ikkje fekk tak på det, og dei torde ikkje spyrja honom um det.

46 Det kom ein tanke upp i deim um kven av deim som var størst.

47 Men Jesus visste kva tankar dei bar i hjarta; han tok eit lite barn og sette innmed seg

48 og sagde til deim: «Den som tek imot dette barnet for mitt namn skuld, han tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot den som sende meg. For den som er minst av dykk alle, han er stor.»

49 Då tok Johannes til ords og sagde: «Meister, me såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud honom det, for di han ikkje er i fylgje med oss.»

50 «De skal ikkje forbjoda det,» svara Jesus; «for den som ikkje er imot dykk, er med dykk.»

51 Då det leid mot den tidi at han skulde takast upp til Gud, vende han augo sine stødt mot Jerusalem; for dit etla han seg.

52 Han sende bod fyre seg; men då ærendsveinarne hans kom til ei samaritanar-grend og skulde tinga hus åt honom,

53 vilde folket ikkje taka imot honom, for di han var på veg til Jerusalem.

54 Då Jakob og Johannes, læresveinarne hans, såg det, sagde dei: «Herre, vil du me skal segja at det skal fara eld ned frå himmelen og øyda deim, soleis som Elia gjorde?»

55 Då snudde han seg og tala strengt til deim og sagde: «Veit det ’kje kva ånd de er av?

56 Menneskjesonen er ikkje komen for å øyda menneskjeliv, men for å frelsa.» So gjekk dei til ei onnor grend.

57 Med dei for etter vegen, var det ein som sagde til honom: «Eg vil fylgja deg, kvar du so fer!»

58 Jesus svara: Revarne hev hi, og fuglarne i lufti hev reir, men Menneskjesonen hev ingen stad han kann halla sitt hovud nedpå.»

59 Til ein annan sagde han: «Fylg meg!» «Herre,» svara han, «lat meg fyrst få ganga heim og jorda far min.»

60 «Lat dei daude jorda sine daude,» sagde Jesus, «men gakk du i veg og forkynn Guds rike!»

61 Det var ein annan og som sagde: «Eg vil fylgja deg, Herre, men lat meg fyrst få beda farvel med deim som heime er!»

62 Jesus svara: «Ingen som hev lagt handi på plogen, og so ser attum seg, høver for Guds rike.»

10. kapitlet

1 Sidan tok Herren ut endå sytti læresveinar og sende deim fyre seg, tvo og tvo til kvar by og bygd som han sjølv skulde til.

2 Og han sagde til deim: «Grøda er stor, men onnefolki er få. Bed då honom som eig grøda at han vil senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si!

3 Far no i veg! Eg sender dykk liksom lamb inn i ulveflokken!

4 Ber ikkje med dykk pung eller skreppa eller skor, og gjev dykk ikkje i svall med nokon på vegen!

5 Kvar gong de kjem inn i eit hus, so seg fyrst: «Fred vere med dette huset!»

6 Og dersom det er nokon der som er verd fred, so skal freden dykkar bia hjå honom: dersom ikkje, so skal han venda att til dykk sjølve.

7 Gjev dykk til der i huset, og et og drikk det dei byd dykk! For ein arbeidsmann er verd løni si. Flytt ikkje frå hus til hus!

8 Kvar gong de kjem til ein by, og dei tek imot dykk, so et det dei set fram!

9 Læk dei sjuke der er, og seg til deim: «Guds rike er kome nær dykk!»

10 Men når de kjem til ein by der dei ikkje vil taka imot dykk, so gakk ut på gatorne og seg:

11 «Jamvel dusti som vart hangande ved føterne våre i byen dykkar, stryk me av oss; her hev de henne att! Men det skal de vita, at Guds rike er kome nær!»

12 Eg segjer dykk: På den siste dag skal det ganga Sodoma likare enn den byen.

13 Ve yver deg, Korasin! Ve yver deg, Betsaida! Hadde dei underi som er gjorde i dykk vore gjorde i Tyrus og Sidon, so hadde dei longe vendt um og sete i sekk og oska.

14 Men det skal ganga Tyrus og Sidon likare i domen enn dykk.

15 Og du, Kapernaum - skal du kann henda lyftast upp til himmelen? nei, til helheimen skal du støytast ned.

16 Den som høyrer på dykk, høyrer på meg, og den som vandar dykk, vandar meg; men den som vandar meg, vandar den som sende meg.»

17 Dei sytti kom glade attende og sagde: «Herre, jamvel dei vonde ånderne lyder oss når me nemner ditt namn.»

18 Då sagde han til deim: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit ljon.

19 Kom i hug: Eg hev gjeve dykk magt til å trøda på ormar og skorpionar og yver alt fiendens velde; og ingen ting skal gjera dykk den minste skade.

20 Men gled dykk ikkje yver det at ånderne lyder dykk, gled dykk heller for di namni dykkar er uppskrivne i himmelen!»

21 I same stundi sagde han, sæl i den Heilage Ande: «Eg lovar deg, Fader, du som råder yver himmel og jord, for di du hev dult dette for dei lærde og kloke, og openberra det åt dei ulærde og barnslege! Ja, Fader; for soleis tykte du det best.

22 Alt hev far min gjeve i mine hender; og ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og kven Faderen er, utan Sonen og dei som Sonen vil openberra det åt.»

23 So vende han seg til læresveinarne sine i ser og sagde: «Sæle dei augo som ser det de ser!

24 For eg segjer dykk at mange profetar og kongar var huga til å sjå det de ser, og fekk ikkje sjå det, og høyra det de høyrer, og fekk ikkje høyra det.»

25 Då gjekk det fram ein som var kunnig i lovi; han vilde freista Jesus og sagde: «Meister, kva skal eg gjera for å vinna eit æveleg liv?»

26 «Kva stend det i lovi?» sagde Jesus; «korleis les du?»

27 «Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og med all din hug og med all di magt og med alt ditt vit, og elska grannen din som deg sjølv!» svara han.

28 Då sagde Jesus til honom: «Du svara rett. Gjer det, so skal du liva!»

29 Men han vilde orsaka seg og sagde til Jesus: «Kven er då grannen min?»

30 Jesus tok upp spursmålet og sagde: «Det var ein mann som for frå Jerusalem ned til Jeriko, og fall i henderne på røvarar. Dei klædde honom naken og skamslo honom; so gjekk dei sin veg og let honom liggja der halvdaud.

31 Det høvde so til at ein prest for same vegen; han såg mannen, men for radt framum.

32 Like eins ein levit; han kom til same staden og såg honom, men for radt framum.

33 Ein samaritan som var ute og ferdast, kom og dit han låg, og såg honom og tykte synd um honom.

34 Han gjekk burt til honom og fetla såri hans, og helte olje og vin på, lyfte honom so upp på sitt eige asen og førde honom til eit herbyrge, og sytte vel for honom.

35 Andre morgonen tok han fram tvo mark og gav til gjestgjevaren og sagde: «Syt vel for honom, og det meir du legg ut, skal du få att av meg når eg kjem attende.»

36 Kven av desse tri tykkjer no du for åt som ein granne mot honom som fall i henderne på røvarane!»

37 «Den som gjorde sælebot på honom,» svara den lovkunnige. Då sagde Jesus til honom: «Gakk du av og gjer like eins!»

38 Med dei var på ferdavegen, kom han til ein liten by; der var det ei kvinna som tok imot honom i huset sitt; namnet hennar var Marta.

39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og ho sette seg nedmed Herrens føter og lydde på ordi hans.

40 Marta hadde det so annsamt med å stella til mykje for honom, at ho ikkje hadde tankar for anna. Ho gjekk fram og sagde: «Herre, bryr du deg ikkje um at syster mi let meg vera åleine um å stella for deg? Seg då med henne at ho skal hjelpa meg!»

41 Då svara Herren: «Marta, Marta, du gjer deg hugsott og uro med mange ting;

42 men det er eitt som trengst! Maria hev valt seg den gode luten, og den skal ikkje takast ifrå henne.»

11. kapitlet

1 Ein gong var han ein stad og bad; då han heldt upp, sagde ein av læresveinarne til honom: «Herre, lær oss å beda! Det lærde Johannes og sveinarne sine.»

2 Han svara: «Når de bed, skal de segja: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast; lat riket ditt koma; lat viljen din råda på jordi so som i himmelen;

3 gjev oss kvar dag vårt daglege brød;

4 og forlat oss våre synder, for me og forlet kvar den som er oss skuldig; og før oss ikkje ut i freisting; men frels oss frå det vonde.»

5 So sagde han til deim: «Um nokon av dykk hev ein ven, og gjeng til han midt på natti og segjer: «Kjære, lån meg tri brødleivar!

6 for ein ven hev kome innum meg på ei ferd, og eg hev ’kje noko å setja fram åt honom -

7 skulde so han der inne svara: «Gjer meg ikkje slikt bry! Døri er longe stengd, og småborni mine er i seng med meg; eg kann ikkje standa upp og gjeva deg det?»

8 Eg segjer dykk: Um han ikkje stend upp og gjev honom det for di det er hans ven, so ris han upp og gjev honom alt han treng for di han er so tråsøkjen.

9 Og eg segjer dykk: Bed, so skal de få! Leita, so skal de finna! Banka på, so skal det verta upplate for dykk!

10 For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for.

11 Finst det nokon far ibland dykk som vilde gjeva son sin ein stein når han bad um brød, eller når han bad um fisk, vilde gjeva honom ein orm i staden for ein fisk,

12 eller når han bad um eit egg, vilde gjeva honom ein skorpion?

13 Når då de som er vonde, veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, kor mykje meir vil so ’kje Faderen frå himmelen gjeva den Heilage Ande åt deim som bed honom?»

14 Ein gong dreiv han ut ei vond ånd, som var mållaus, og då åndi var utfari, tala den mållause. Folket undra seg,

15 men sume av deim sagde: Det er Be’elsebul, djevelhovdingen, som hjelper honom til å driva ut djevlar.»

16 Andre vilde freista honom, og bad honom syna deim eit teikn frå himmelen.

17 Men Jesus visste kva dei hadde i tankar, og sagde til deim: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og eitt hus dett yver hitt.

18 Er no Satan og komen i strid med seg sjølv, korleis kann då riket hans standa? - sidan de segjer at det er Be’elsebul som hjelper meg til å driva ut djevlar!

19 Og hjelper Be’elsebul meg til å driva ut djevlar, kven fær då dykkar eigne folk hjelp av til å driva deim ut? Difor skal dei vera domarane dykkar.

20 Men er det med Guds finger eg driv djevlarne ut, so er då Guds rike kome til dykk.

21 Når ei kjempa væpna vaktar sin gard, fær han hava alt sitt i fred;

22 men kjem det ein sterkare og vinn yver honom, so tek han våpni hans, som han sette si lit til, og skifter ut alt han drog av honom.

23 Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje sankar med meg, han spreider.

24 Når den ureine åndi fer ut or eit menneskje, flakkar ho gjenom vatslause vidder og leitar etter ein kvilestad, og når ho ingen kvilestad finn, segjer ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flutte ifrå.»

25 Når ho so kjem dit, finn ho huset feia og fjelga.

26 Då fer ho av stad og tek med seg sju andre ånder, som er argare enn ho er sjølv, og dei gjeng inn og vert buande der, og hev det vore ille med det menneskjet fyrr, so vert det endå verre sidan.»

27 Medan han tala soleis, var det ei kvinna bland folket som sette i og ropa: «Sælt det livet som bar deg, og det brjostet du saug!»

28 Då sagde han: «Sæle er heller dei som høyrer Guds ord og tek vare på det!»

29 Som no folket flokka seg kring honom, tok han til ords og sagde: «Denne ætti er ei vond ætt; dei krev etter teikn, men dei skal ’kje få anna teikn enn Jona-teiknet.

30 For liksom Jona vart eit teikn for Nineve-folket, soleis skal og Menneskjesonen vera det for denne ætti.

31 Sudlands-dronningi skal standa fram for domen i hop med mennerne av denne ætti og fordøma deim. For ho kom frå verdsens ende og vilde høyra Salomos visdom, og her er meir enn Salomo.

32 Nineve-mennerne skal møta for domen i hop med denne ætti og fordøma deim; for dei vende um då Jona tala for deim, og her er meir enn Jona.

33 Den som kveikjer eit ljos, set det ikkje i kjellaren eller under skjeppa, men i staken, so dei som kjem inn, kann sjå ljosken.

34 Ljoset i likamen, det er auga ditt; når ditt auga er klårt, so er heile din likam og ljos; men er det dimt, so er likamen og myrk.

35 Sjå då til at ikkje ljoset inni deg er myrker!

36 Er so heile likamen ljos, og ingen lut av honom myrk, då vert han upplyst all igjenom, som når ljoset skin på deg med sine strålar.»

37 Då han hadde tala ut, bad ein farisæar honom eta dagverd hjå seg. So gjekk han inn der og sette seg til bords.

38 Men farisæaren vart forundra då han såg at han ikkje tvo seg fyrst fyre målet.

39 Då sagde Herren til honom: «Ja, de farisæarar, de reinskar skåler og fat utvendes, men innvendes er de fulle av ran og vondskap.

40 Dårar! Han som gjorde det som er utvendes, gjorde han ’kje det som er innvendes og?

41 Men gjer ei sælebotsgåva av det som inni er; då skal de sjå at alt er reint for dykk!

42 Men ve yver dykk farisæarar! De gjev tiend av mynta og ruta og allslags urter, men legg ikkje vinn på rettferd og gudselsk! Det skulde ein gjera og ikkje lata vera hitt heller.

43 Ve yver dykk farisæarar! De trår etter å sitja fremst i synagogorne, og vil at folk skal helsa dykk på torgi!

44 Ve yver dykk! De er som ukjennelege graver, folk gjeng på deim og veit ikkje av det!»

45 Då tok ein av dei lovkunnige til ords og sagde: «Meister, når du segjer slikt, gjeng du oss og for nær!»

46 Jesus svara: «Ve yver dykk lovkunnige og! De lesser svære byrer på folk, og sjølve rører de ’kje byrderne med ein einaste finger.

47 Ve yver dykk! De byggjer minnesmerke yver profetarne, og det var federne dykkar som slo deim i hel.

48 So vitnar de då um det som federne dykkar gjorde, og samtykkjer det; for dei slo profetarne i hel, og de byggjer!

49 Difor sagde og Guds visdom: Eg vil senda profetar og apostlar til deim, og sume av deim skal dei slå i hel, og sume skal dei forfylgja,

50 so alt profetblod som hev runne frå verdi vart grunnlagd, skal hemnast på denne ætti,

51 frå Abels blod til Zakarjas’ blod, han som let livet millom altaret og gudshuset. Ja, segjer eg dykk, det skal hemnast på denne ætti.

52 Ve yver dykk lovkunnige! De hev teke burt kunnskapslykelen! Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som vilde inn, fekk de hindra.»

53 Då han gjekk ut att, tok dei skriftlærde og farisæarane til å verta fælt nærsøkne og frega honom um mangt og mykje,

54 alt med dei lurde på honom og vilde få tak i eitkvart ordet frå hans munn.

12. kapitlet

1 Medan hadde folket samla seg kring han i tusundtal, so dei heldt på å trøda kvarandre ned; då tok han til ords og sagde til læresveinarne sine: «Framum alt; tak dykk i vare for surdeigen åt farisæarane - hyklarskapen!

2 Det finst ingen ting som er duld og ikkje ein gong kjem fram i dagen, og ingen ting som er løynd og ikkje ein gong vert kjend.

3 Difor skal alt de talar i myrkret, høyrast i ljoset, og det de kviskrar i kammerset, skal ropast ut på taket.

4 Men til dykk som er venerne mine, segjer eg: Ottast ikkje deim som drep likamen, og sidan ikkje hev magt til å gjera meir!

5 Eg skal syna dykk kven de skal ottast; de skal ottast honom som hev magt til å drepa og sidan kasta i helvite. Ja, segjer eg dykk, honom skal de ottast!

6 Sel dei ikkje fem sporvar for tvo skilling? og ikkje ein av deim er gløymd hjå Gud;

7 og jamvel alle håri på hovudet dykkar er talde. Ver ikkje ottefulle! De er meir enn mange sporvar.

8 Og det segjer eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneski, honom skal og Menneskjesonen kjennast ved for Guds englar;

9 men den som avneittar meg for menneski, han skal avneittast for Guds englar.

10 Og den som talar mot Menneskjesonen, skal få tilgjeving for det; men den som spottar den Heilage Ande, fær aldri tilgjeving.

11 Når dei no fører dykk fram for synagogorne og deim som styrer og råder i landet, so syt ikkje for korleis de skal svara for dykk, eller kva de skal segja!

12 For den Heilage Ande skal læra dykk dei rette ordi i same stundi.»

13 Ein utor folkehopen sagde til honom: «Meister, seg til bror min at han skal skifta arven med meg!»

14 «Kven sette meg til domar eller skiftemeister for dykk, mann?» svara Jesus.

15 So sagde han til deim: «Sjå og tak dykk i vare for all havesykja! For ingen kann tryggja livet sitt med det han eig, um han er aldri so rik.»

16 Og han fortalde deim ei likning: «Det var ein gong ein rik mann; jordi hans hadde bore godt,

17 og so sagde han med seg: «Kva skal eg gjera? eg hev ikkje husrom til grøda mi!

18 Jau, so vil eg gjera,» sagde han: «eg vil taka ned lødorne mine og byggja deim større, og der vil eg samla heile avlingi og alt godset mitt.

19 Og so vil eg segja åt meg sjølv: «Du, no hev du mykje godt liggjande for mange år; unn deg no ro, et og drikk, og ver glad!»»

20 Men Gud sagde til honom: «Du dåre, i denne natt krev dei sjæli di av deg! Kven skal so hava det du hev sanka i hop?»

21 So gjeng det den som samlar seg gods og gull, og ikkje er rik i Gud.

22 Difor segjer eg dykk,» sagde han til læresveinarne sine: «Syt ikkje for livet, kva de skal eta, eller for likamen, kva de skal klæda dykk med!

23 Livet er meir enn maten, og likamen meir enn klædi.

24 Agta på ramnarne! dei sår ikkje og haustar ikkje, dei hev ikkje stabbur og ikkje løda - Gud føder deim. Kor mykje meir er ’kje de enn fuglarne!

25 Og kven av dykk kann leggja ei aln til si livslengd, um han syter aldri so mykje?

26 Kann de no ikkje ein gong gjera so mykje, kvi syter de då for det hitt?

27 Agta på liljorne, korleis dei veks! dei korkje spinn eller vev; men eg segjer dykk: Ikkje ein gong Salomo i all sin herlegdom var so klædd som ei av deim.

28 Klæder no Gud soleis graset på marki, det som stend i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje heller vil han då ’kje klæda dykk, de fåtruande!

29 So tenk no ’kje de heller allstødt på kva de skal eta, og kva de skal drikka, og lat ’kje hugen vanka for vidt!

30 Det er heidningarne kring i verdi som spør etter alt dette; men far dykkar veit at de treng desse ting.

31 Søk heller hans rike, so skal de få dette attpå!

32 Ottast ikkje, du vesle hjord! Det er far dykkar’s vilje å gjeva dykk riket!

33 Sel det de hev, og gjev sælebotsgåvor! Gjer dykk pungar som ikkje vert utslitne, ein skatt som aldri tryt, i himmelen, der ingen tjuv kjem innåt, og ingen mol øyder!

34 For der skatten dykkar er, der vil og hjarta dykkar vera.

35 Bind livgjordi um dykk, og lat lykterne brenna!

36 Ver de som folk som ventar på herren sin til han bryt upp frå brudlaupet, so dei kann lata upp for honom med same han kjem og bankar på!

37 Sæle dei tenarar som herren finn vakande når han kjem! Det segjer eg dykk for visst: Han skal binda livgjordi um seg og føra deim til bords, og koma og setja fram for deim.

38 Anten han kjem midt på natti eller når det lid ut i otta - sæle er dei når han finn det so.

39 Men det skynar de nok, at dersom husbonden visste kva tid og time tjuven kom, so vakte han og let ingen brjota seg inn i huset.

40 So ver reiduge de og! For Menneskjesonen kjem på ei tid de ikkje tenkjer.»

41 Peter spurde: «Herre, er det åt oss du segjer denne likningi, eller åt alle andre med?»

42 Då sagde Herren: «Ja, kvar er han, den trugne hushaldaren, den vituge som husbonden vil setja yver tenestfolket sitt, so han skal lata deim få kosten sin i rett tid?

43 Sæl den tenar som husbonden finn so gjerande, når han kjem!

44 Det segjer eg dykk for visst: Han skal setja honom yver alt det han eig.

45 Men dersom tenaren segjer med seg: «Herren min drygjer nok endå ei stund,» og han so tek til å slå drengjerne og gjentorne og eta og drikka og fylla seg,

46 då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar, og ein time han ikkje veit av, og hogga honom sund, og lata honom få sin lut i lag med dei utrue.

47 Den tenaren som veit kva herren hans vil, og ingen ting steller i stand eller gjer av det som han vil, skal få mykje hogg,

48 men den som ikkje veit det, og gjer det som hogg er verdt, skal få mindre. Av den som mykje hev fenge, ventar ein mykje, og den dei hev trutt mykje til, krev dei so mykje meir av.

49 Eg er komen for å kasta eld utyver jordi, og kor gjerne eg vilde at det alt hadde fata!

50 Men eg lyt ganga igjenom ein dåp, og kor eg gruvar meg til det er gjort!

51 Trur de eg er komen for å skapa fred på jordi! Nei, segjer eg dykk, men strid!

52 Heretter skal fem i same huset liggja i strid med kvarandre, tri mot tvo, og tvo mot tri,

53 far mot son, og son mot far, mor mot dotter, og dotter mot mor, vermor mot sonekona, og sonekona mot vermor.»

54 Til folket og sagde han: «Når de ser det stig sky upp i vest, segjer de straks: «Det kjem regn,» og det vert so.

55 Og ser de vinden blæs ifrå sud, segjer de: «Det vert heitt,» og so vert det!

56 Hyklarar! Jord- og himmels-bragdi veit de å granska; korleis hev det seg då at de ikkje veit å granska denne tidi?

57 Og kvi dømer de ikkje frå dykk sjølve kva rett er?

58 Soleis når du gjeng for retten med motparten din, gjer deg då fyre, so du kann koma tilliks med honom på vegen! Elles dreg han deg gjerne for domaren, og domaren sender deg yver til futen, og futen set deg i fengsel;

59 du slepp ikkje ut att, segjer eg deg, fyrr du hev greidt alt, til siste skjerv.»

13. kapitlet

1 På same tidi kom det nokre og fortalde honom dei galilæarane som Pilatus drap med dei bar fram offeret sitt, so blodet deira blanda seg med offerblodet.

2 Då tok han til ords og sagde til deim: «Trur de desse galilæarane var større syndarar enn alle andre galilæarar, sidan det gjekk deim soleis?

3 Nei, segjer eg dykk, men vender de ikkje um, skal de alle umkomast på sovori vis.

4 Eller dei attan som Siloatårnet datt nedyver og slo i hel, trur de dei var verre brotsmenner enn alt hitt folket som bur i Jerusalem?

5 Nei, segjer eg dykk, men vender de ikkje um, skal de alle umkomast på same vis.»

6 So sagde han denne likningi: «Ein mann hadde eit fiketre, som stod i vingarden hans. Han kom og leita etter frukt på det, men fann ingi.

7 Då sagde han til vingardsmannen: «No er det tridje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fiketreet og finn ingi. Hogg det ned! Kvi skal det og binda burt jordi?»

8 «Herre, lat det få standa i år og!» svara vingardsmannen, «til eg fær grave kring det og lagt hævd innåt;

9 kann henda det ber eit anna år; gjer det ’kje det, so fær du hogga det ned!»»

10 Ein kviledag lærde Jesus i ei av synagogorne.

11 Der var det ei kvinna som hadde havt ei vond ånd i seg i attan år, og den hadde gjort henne so magtlaus at ho var tvikrokut og ikkje på nokor vis kunde halda seg upprett.

12 Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg. «No er du løyst frå vanmagti di, kvinna!» sagde han

13 og lagde henderne på henne; og med ein gong rette ho seg upp, og lova Gud.

14 Då tok synagoge-forstandaren til ords - han var harm for di Jesus hadde lækt på kviledagen - og sagde til folket: «Det er seks dagar ein lyt arbeida; på deim kann de koma og lata dykk lækja, og ikkje på kviledagen!»

15 «Hyklarar!» svara Herren honom då, «løyser ikkje kvar ein av dykk uksen og asnet sitt av båsen um kviledagen, og leider deim av og vatnar deim?

16 Og denne kvinna, som er Abrahams dotter, og som Satan hev halde bundi, tenkje seg til, i attan år, skulde ikkje ho løysast or det bandet, for di um det er kviledag?»

17 Då han sagde det, skjemdest alle dei som stod honom imot, og heile folket gledde seg yver alt det underfulle han gjorde.

18 So sagde han då: «Kva er Guds rike likt? kva skal eg likna det med?

19 Det er likt eit senapskorn som ein mann tok og sådde i hagen sin, og det voks og vart til eit tre, og fuglarne i lufti bygde reir i greinerne på det.»

20 So sagde han atter: «Kva skal eg likna Guds rike med?

21 Det er likt ein surdeig som ei kvinna tok og gøymde i tri skjeppor mjøl til alt saman var syrt.»

22 So for han kring frå by til by og frå grend til grend og lærde folket, alt med han var på veg til Jerusalem.

23 Det var ein som sagde til honom: «Herre, er det få som vert frelste?» Då sagde han til deim:

24 «Stræva alt de kann for å koma inn igjenom den tronge døri! Mange, segjer eg dykk, skal freista å koma inn, men er ikkje god til.

25 Når husbonden fyrst hev reist seg og stengt døri, og de so gjev dykk til å standa utanfor og banka på døri og segja: «Herre, lat upp åt oss!» då skal han svara dykk so: «Eg veit ikkje kvar de er ifrå.»

26 Tek de då på å segja som so: «Me hev ete og drukke i lag med deg, og du lærde i gatorne våre,»

27 so skal han svara: «Eg segjer dykk: Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Hav dykk burt frå meg, alle de som gjorde urett!»

28 Der skal det vera gråt og tanngnistring, når de fær sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetarne i Guds rike, men de sjølve vert kasta ut.

29 Og det skal koma folk frå aust og frå vest og frå nord og frå sud og setja seg til bords i Guds rike.

30 Men kom i hug at det finst dei som er millom dei siste, og skal vera millom dei fyrste, og det finst dei som er millom dei fyrste og skal vera millom dei siste.»

31 I same bilet kom det nokre farisæarar og sagde med honom: «Tak ut og far herifrå! Herodes tenkjer på å drepa deg.»

32 Han svara: «Gakk og seg den reven: «I dag og i morgon driv eg ut djevlar og gjer sjuke friske att; tridje dagen er eg til endes komen;

33 men i dag og i morgon og dagen etter lyt eg ferdast; for det ber aldri til at ein profet let livet annanstad enn i Jerusalem.»

34 Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetarne og steinar deim som er sende til deg, kor ofte vilde eg ’kje ha samla borni dine kring meg, liksom fuglemori samlar ungeflokken under vengjerne! Men de vilde ikkje.

35 Sjå no skal de få hava huset dykkar sjølve. Eg segjer dykk: De fær aldri sjå meg fyrr den tidi kjem då de ropar: «Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!»»

14. kapitlet

1 Ein kviledag hende det, at Jesus kom heim til ein av dei øvste farisæarane og skulde halda måltid der, og dei gjætte på honom.

2 Best det var, såg han framfor seg ein mann som hadde vatssotti.

3 Då tok han til ords og spurde dei lovkunnige og farisæarane: «Er det rett å lækja um kviledagen, eller er det ikkje?»

4 Dei tagde. Då tok han burt på mannen og lækte honom, og let honom ganga.

5 Og til dei andre sagde han: «Kven av dykk dreg ikkje straks upp att son sin eller uksen sin, dersom dei dett nedi ein brunn på ein kviledag?»

6 Men dei var ’kje god til å svara honom noko på det.

7 Då han gådde korleis gjesterne valde seg ut dei øvste sæti, sagde han deim denne likningi:

8 «Når nokon hev bede deg til brudlaups, so set deg ikkje øvst ved bordet! For det kunde henda at ein gjævare enn du var beden,

9 og at den som hadde bede dykk båe, kom og sagde til deg: «Gjev rom åt denne mannen!» og då fekk du den skammi at du laut setja deg nedst.

10 Nei, når du er beden ein stad, so gakk og set deg på det nedste romet! Når han so kjem han som hev bede deg, segjer han til deg: «Flytt deg høgre upp, venen min! Då fær du æra hjå alle deim som sit til bords med deg.

11 For kvar den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt, skal gjerast høg.»

12 So sagde han og til den som hadde bede honom åt seg: «Når du vil gjera eit middags- eller kveldslag, so bed ikkje venerne eller brørne eller skyldfolket ditt eller rike grannar! For dei kjem til å beda deg att, so du fær lika for det du hev gjort.

13 Nei, når du gjer gjestebod, so bed fatige, kryplingar, halte, blinde!

14 Då vert du sæl; for dei hev ingen ting å gjeva deg att, men du fær lika for det når dei rettferdige stend upp att.»

15 Ein av dei andre bordgjesterne sagde då han høyrde det: «Sæl den som fær sitja til bords i Guds rike!»

16 Då svara han: «Det var ein gong ein mann som vilde gjera eit stort gjestebod, og bad mange.

17 Då tidi kom at gjestebodet skulde vera, sende han sveinen sin i veg for å segja til dei bedne: «Kom! No er det ferdigt!»

18 Då tok dei til å beda seg undan, alle som ein. Den fyrste sagde: «Eg hev kjøpt ein jordveg, og er nøydd til å ganga ut og sjå på honom. Du lyt gjera so vel og orsaka meg.»

19 Ein annan sagde: «Eg hev kjøpt fem par uksar, og no skal eg av og prøva deim. Du lyt gjera so vel og orsaka meg.»

20 Endå ein annan mann sagde: Eg hev teke meg ei kona; difor kann eg ikkje koma.»

21 Sveinen kom og sagde det med herren sin. Då vart husbonden harm og sagde til sveinen: «Gakk snøgt ut på gatorne og stræti i byen, og før hit alle tiggarar og kryplingar og blinde og halte!»

22 Sveinen sagde: «Herre, det er gjort som du sagde, og det er endå rom.»

23 «Gakk ut på vegarne og ved gjerdi,» svara herren, «og nøyd deim til å koma inn, so huset mitt vert fullt!

24 For eg segjer dykk at ingen av dei mennerne som vart bedne, skal smaka min gjestebodskost.»»

25 Det fylgde mykje folk med honom, og han snudde seg og sagde til deim:

26 «Um nokon kjem til meg og hatar ikkje far og mor og kona og born og brør og syster, ja, endå sitt eige liv, so kann han ikkje vera min læresvein.

27 Den som ikkje ber krossen sin og kjem etter meg, kann ikkje vera min læresvein.

28 Vil nokon av dykk byggja eit tårn, tur han ’kje då fyrst set seg ned og reknar etter kva det vil kosta, um han hev nok til å fullføra det.

29 For hev han lagt grunnsteinarne, og ikkje er god til å gjera det ferdigt, so tek alle som ser det til å gjera narr av honom og segja:

30 «Den mannen tok til å byggja, og var ’kje god til å gjera det ferdigt!»

31 Eller um ein konge vil draga ut i strid mot ein annan konge, tru han ’kje då fyrst set seg ned og slær yver um han med ti tusund mann kann møta ein som kjem imot han med tjuge tusund?

32 Og kann han ikkje, so gjer han av ei sendeferd og tingar um fred, med hin endå er langt burte.

33 Soleis kann ingen av dykk vera min læresvein, utan han segjer frå seg alt det han hev.

34 Salt er ein god ting; men vert saltet og dove, kva skal so det kryddast med?

35 Det duger korkje i mold eller møk; dei kastar det ut. Høyr etter, kvar som høyra kann!»

15. kapitlet

1 Alle tollmenner og syndarar heldt seg nær innåt Jesus og lydde på honom.

2 Men farisæarane og dei skriftlærde murra og sagde seg imillom: «Den mannen tek imot syndarar, og et i lag med deim!»

3 Då sagde han deim denne likningi:

4 Um ein av dykk hev hundrad sauer og misser ein av deim, let han ’kje då dei ni og nitti vera att i beitemarki, og gjeng av og leitar etter den han hev mist, til han finn honom?

5 Og når han hev funne honom, er han glad og tek honom på herdarne sine;

6 og med same han kjem heim, kallar han i hop vener og grannar, og segjer til deim: «Gled dykk med meg! Eg hev funne sauen eg hadde mist.

7 Eg segjer dykk: Soleis er det gleda i himmelen yver ein syndar som vender um, meir enn yver ni og nitti rettferdige som ikkje treng umvending.

8 Eller um ei kvinna hev ti sylvpeningar, og misser ein av deim, kveikjer ho ’kje då ljos og sopar huset og leitar trottugt, til dess ho finn honom?

9 Og når ho hev funne honom, kallar ho i hop vener og grannkonor og segjer: «Gled dykk med meg! Eg hev funne peningen eg hadde mist.»

10 Soleis, segjer eg dykk, vert det gleda på Guds englar yver ein syndar som vender um.»

11 So sagde han: «Det var ein gong ein mann som hadde tvo søner.

12 Den yngste av deim sagde til faren: «Far, lat meg få den luten av buet som fell på meg!» So skifte han midelen millom deim.

13 Det var ’kje mange dagarne lidne, so samla den yngste sonen alt sitt og for langt burt til eit anna land. Der gav han seg i ulivnad, og øydde upp det han åtte.

14 Då han hadde sett til alt, vart det uår og svolt der i landet, og han tok til å lida naud.

15 So tydde han seg til ein av mennerne i landet, og han sende honom ut på markerne sine; der skulde han gjæta svin.

16 Og han var huga til å fylla buken sin med skolmerne som svini åt av, og ingen gav honom noko.

17 Då gjekk han i seg sjølv og sagde: «Kor mange leigekarar heime hjå far min hev ikkje fullt upp av mat, med eg held på å svelta i hel her!

18 Eg vil taka i veg og ganga heim til far min og segja til honom: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg!

19 Eg er ’kje verd å kallast son din lenger; lat meg få vera som ein av leigekararne dine!»»

20 So tok han i vegen og gjekk heim til far sin. Med han endå var langt burte, vart far hans var honom, og ynkast inderleg; han sprang imot honom og kasta seg um halsen på honom og kysste honom.

21 Og sonen sagde: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg; eg er ikkje verd å kallast son din lenger!»

22 Men faren sagde til tenararne sine: «Kom snøgt med ein klædning, den gildaste her er, og hav på honom, og lat han få ring på fingeren og skor på føterne!

23 Henta so den gjødde kalven, og slagta honom, so vil me halda måltid og vera glade!

24 For denne sonen min var daud og hev livna upp att, var burtkomen og er attfunnen.» So tok dei til å halda gaman.

25 Den eldste sonen var utpå marki. Då han gjekk heimetter og kom burtimot huset, høyrde han spel og dans.

26 Han ropa på ein av drengjerne, og spurde kva det skulde tyda.

27 «Bror din er komen,» svara drengen, «og far din hev slagta den gjødde kalven, for di han fekk honom frisk heim att.

28 Då vart han harm og vilde ikkje ganga inn. Far hans kom ut og tala blidt til honom;

29 men han svara far sin so: «No hev eg tent deg so mange år og aldri gjort imot ditt ord, og meg hev du aldri gjeve so mykje som eit kid, so eg kunde gleda meg i hop med venerne mine.

30 Men når han kjem denne son din, som hev ete upp midelen din i lag med skjøkjor, då slagtar du gjødkalven åt honom.»

31 «Du er allstødt hjå meg, barnet mitt,» svara faren, «og alt som mitt er, er ditt.»

32 Men no skulde me vera glade og fegne; for denne bror din var daud og hev livna, var burtkomen og er attfunnen!»»

16. kapitlet

1 Han sagde og til læresveinarne: «Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til honom og klaga på hushaldaren, og sagde at han øydde burt midelen hans.

2 Då kalla han hushaldaren fyre seg og sagde til honom: «Kva er det no eg høyrer um deg? Gjer rekneskap for styringi di, for du kann ikkje standa fyre huset mitt lenger!»

3 Hushaldaren tenkte med seg: «Kva skal eg gjera, sidan herren min segjer meg ut or tenesta? Eg orkar ikkje å grava, eg skjemmest ved å tigga.

4 Jau, no veit eg kva eg vil gjera, so dei skal taka meg til seg når eg vert avsett!»

5 So kalla han skuldmennerne åt herren sin til seg, ein for ein, og sagde til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?»

6 «Hundrad anker olje,» svara han. «Her hev du skuldbrevet ditt,» sagde hushaldaren; «set deg ned og skriv snøgt: femti!»

7 So spurde han ein annan: «Enn du, kor mykje er du skuldig?» - «Hundrad tunnor kveite,» svara han. «Her hev du skuldbrevet ditt; skriv: åtteti!» sagde hushaldaren.

8 Og Herren rosa uærlege hushaldaren for di han hadde fare klokt åt. For denne verdsens born er klokare til å stella seg med sine jamlikar enn ljossens born er.

9 Og eg segjer dykk: Vinn dykk vener med den urettferdige Mammon, so dei kann taka imot dykk i dei ævelege heimarne når han tryt!

10 Den som er tru i smått, er og tru i stort, og den som er uærleg i smått, er og uærleg i stort.

11 Hev de no ikkje vore true med den urettferdige Mammon, kven vil då tru den rette rikdomen åt dykk?

12 Og hev de ikkje vore true med det som høyrer andre til, kven vil då gjeva dykk noko de sjølve kann eiga?

13 Ingen tenar kann tena tvo herrar; for anten vil han hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvyrda hin. De kann ikkje tena både Gud og Mammon.»

14 Alt dette høyrde farisæarane på, og pengekjære som dei var, frynte dei åt honom.

15 Då sagde han til deim: «De er dei som fær folk til å tru at de er rettferdige; men Gud kjenner hjarta dykkar; for det som er høgt i folkeaugo, er ein styggedom for Gud.

16 Lovi og profetarne rådde alt til Johannes kom; frå den tid hev fagnadbodet um Guds rike vore kunngjort, og kvar og ein bryt seg inn i det med magt.

17 Men det vil lettare henda at himmelen og jordi forgjengst enn at ein einaste prikk i lovi fell burt.

18 Kvar den som skil seg frå kona si og giftar seg med ei onnor, gjer hor, og den som gifter seg med ei fråskild, gjer hor.

19 Det var ein gong ein rik mann; han klædde seg i purpur og fint lin, og heldt gaman og fest dag etter dag.

20 Og ein fatig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår,

21 og stunda etter å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen; men jamvel hundarne kom og sleikte såri hans.

22 So hende det at den fatige døydde, og englarne bar honom av stad og lagde honom ved Abrahams barm. Den rike døydde og, og vart gravlagd.

23 Som han no slo upp augo sine i helheimen, der han låg og pintest, ser han Abraham langt burte, og Lasarus innmed barmen hans.

24 Då ropa han: «Fader Abraham, gjer sælebot på meg! Send Lasarus so han kann duppa fingertuppen sin i vatn og svala tunga mi! For eg lid fælt i den logen.»

25 «Kom i hug, min son,» svara Abraham, «at du fekk det gode du ynskte deg i di livetid, og Lasarus like eins det som vondt var. Men no vert han trøysta her, og du lid vondt.

26 Og attåt alt det er det lagt ein stor avgrunn millom oss og dykk, so dei som vil fara herifrå yver til dykk, dei kann ikkje; ikkje heller kann nokon koma derifrå yver til oss.»

27 «So bed eg deg, fader,» sagde den rike, «at du vil senda han til farshuset mitt!

28 Eg hev fem brør, lat honom vitna for deim, so ikkje dei og skal koma til denne pinslestaden!»

29 «Dei hev Moses og profetarne,» svara Abraham; «dei kann høyra på deim.»

30 «Å nei, fader Abraham!» sagde han; «men kjem nokon til deim frå dei daude, so gjer dei bot.»

31 Då sagde Abraham: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetarne, so trur dei ikkje heller um nokon stend upp frå dei daude.»»

17. kapitlet

1 Sidan sagde han til læresveinarne sine: «Det er uråd anna enn det lyt koma freistingar, men ve yver den som dei kjem ifrå!

2 Han var betre faren det låg ein kvernstein um halsen hans og han var kasta i havet, enn at han skulde freista ein av desse små.

3 Tak dykk i vare! Syndar bror din, so tala til honom, og angrar han, so tilgjev honom!

4 Um han syndar mot deg sju gonger um dagen, og sju gonger kjem attende til deg og segjer: «Eg angrar!» so skal du tilgjeva honom.»

5 Apostlarne sagde til Herren: «Gjev oss meir tru!»

6 «Hev de tru som eit senapskorn,» svara Herren, «so kunde de segja til dette morbærtreet: «Rykk deg upp og røt deg i havet!» og det skulde lyda dykk.

7 Um nokon av dykk hev ein dreng som pløgjer eller gjæter, segjer han då til honom når han kjem heim frå marki: «Kom straks og set deg til bords?»

8 Segjer han ’kje heller: «Stell til kveldsmaten åt meg, bind livgjordi um deg, og gakk meg til handa med eg et og drikk! Sidan kann du eta og drikka?»

9 Takkar han vel drengen for di han gjorde som han var fyresagd? Eg trur ikkje det.

10 Soleis de og; når de hev gjort alt som var sagt dykk, so seg: «Me er uturvande tenarar! Me hev ’kje gjort anna enn det som var skyldnaden vår.»»

11 Med han var på vegen til Jerusalem og for midt imillom Samaria og Galilæa,

12 bar det so til at han gjekk inn i ein liten by, og der kom det imot han ti menner som hadde spillsykja; dei vart standande eit langt stykke undan,

13 og ropa høgt: «Jesus, meister, gjer sælebot på oss!»

14 Då Jesus vart var deim, sagde han til deim: «Gakk og te dykk fram for prestarne!» Og med dei var på vegen, hende det at dei vart reine.

15 Ein av deim kom attende då han såg han var lækt; han lova Gud med høg røyst,

16 og kasta seg å gruve framfor føterne hans og takka honom; det var ein samaritan.

17 Då tok Jesus til ords og sagde: «Vart dei ’kje reine alle ti? Kvar er då dei ni?

18 Var det ingen utan denne framande som kom attende og vilde gjeva Gud æra?»

19 So sagde han til mannen: «Statt upp og gakk heim att! Trui di hev hjelpt deg.»

20 Farisæarane spurde honom ein gong når Guds rike skulde koma. Då svara han deim so: «Guds rike kjem ikkje so at ein kann sjå det for augo.

21 Ein kann ikkje heller segja: «Sjå her er det!» eller: «Der er det!» For Guds rike, det er inni dykk.»

22 Sidan sagde han til læresveinarne: «Det kjem ei tid då de skal stunda etter å sjå ein av dei dagarne då Menneskjesonen råder, men de skal ikkje få sjå det.

23 Dei kjem til å segja til dykk: «Sjå der er han! Sjå her!» Gakk ikkje der burt, og fylg ikkje etter deim!

24 For liksom ljonet, når det kjem, skin frå himmelbrun til himmelbrun, soleis skal det vera med Menneskjesonen den dagen han kjem.

25 Men fyrst lyt han lida mykje, og denne ætti skal skjota honom ifrå seg.

26 Og som det var i Noahs dagar, so skal det og vera den tidi då Menneskjesonen kjem:

27 dei åt, dei drakk, dei gifte seg, dei vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki; då kom storflodi og tynte alle i hop.

28 Eller som det var i Lots dagar: dei åt, dei drakk, dei kjøpte, dei selde, dei planta, dei bygde;

29 men den dagen då Lot tok ut frå Sodoma, regnde det eld og svåvel frå himmelen og tynte deim alle.

30 På same vis skal det vera den dagen Menneskjesonen syner seg.

31 Er nokon den dagen uppå taket og hev sine ting nedi huset, so må han ikkje ganga ned og henta deim; og er nokon utpå marki, so må han ikkje venda um.

32 Kom i hug kona hans Lot!

33 Den som freister å berga livet sitt, skal missa det, og den som misser det, skal vinna det att.

34 Eg segjer dykk: Den natti skal det liggja tvo i ei seng; den eine skal hentast, og hin setjast att.

35 Tvo kvinnor skal mala på same kverni; den eine skal hentast, og hi setjast att.

36 Tvo skal vera utpå marki; den eine skal hentast, og hin setjast att.»

37 Då tok læresveinarne til ords og sagde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der liket er, der vil ørnane sankast innåt.»

18. kapitlet

1 Då sagde han deim ei likning um at dei stødt skulde beda og ikkje trøytna.

2 «I ein by,» sagde han, «var det ein gong ein domar, som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneskje.

3 I same byen var det ei enkja; ho kom jamleg til domaren og sagde: «Hjelp meg, so eg fær rett på motparten min!»

4 Lenge vilde han ikkje, men då det leid på, sagde han med seg: «Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje hev age for noko menneskje,

5 so vil eg like vel hjelpa denne enkja til retten sin, av di ho plågar meg so; elles kjem ho vel til slutt og legg til meg midt i syni!»

6 Høyr kva den urettferdige domaren segjer,» sagde Herren;

7 «skulde so ’kje Gud hjelpa sine utvalde til retten sin, dei som ropar til honom dag og natt, um han so drygjer det ut for deim?

8 Eg segjer dykk: Han skal hjelpa deim til retten sin, og det fort. Men når Menneskjesonen kjem, skal han då finna trui på jordi?»

9 Til nokre som trudde um seg sjølve at dei var rettferdige, og som vanvyrde alle andre, sagde han denne likningi:

10 «Det var ein gong tvo menner som gjekk upp i templet og vilde beda; den eine var ein farisæar, og den andre ein tollmann.

11 Farisæaren stelte seg upp for seg sjølv og bad soleis: «Eg takkar deg, Gud, for di eg ikkje er som anna folk, ein røvar, svikar, horkar, eller og som den tollmannen der!

12 Eg fastar tvo gonger i vika, og gjev tiend av alt eg tek inn.»

13 Tollmannen stod langt undan; han vilde ikkje ein gong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sagde: Å Gud, ver meg syndaren nådig!

14 Eg segjer dykk: Han var rettferdiggjord då han gjekk heim til sitt hus, men hin ikkje; for kvar den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt, skal gjerast høg.»

15 Dei bar og småborni sine til honom, so han skulde røra ved deim. Då læresveinarne såg det, truga dei deim;

16 men Jesus kalla deim til seg og sagde: «Lat småborni koma til meg, og hindra deim ikkje! For Guds rike høyrer slike til.

17 Det segjer eg dykk for sant: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal på ingen måte koma inn i det.»

18 Ein synagoge-forstandar spurde honom: «Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit ævelegt liv?»

19 «Kvi kallar du meg god?» sagde Jesus. «Ingen er god utan ein - Gud!

20 Du kjenner bodi: «Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! Du skal æra far din og mor di!»»

21 «Alt det hev eg halde frå eg var ung,» svara han.

22 Då Jesus høyrde det sagde han: «Eitt vantar deg endå: sel alt det du hev, og byt det ut åt dei fatige, so fær du ein skatt i himmelen! Og kom so og fylg meg!»

23 Mannen vart sturen då han høyrde dei ordi; for han var svært rik.

24 Jesus såg det på honom og sagde: «Kor vandt det er for dei som hev gods og gull å koma inn i Guds rike!

25 Ja, ein kamel kjem lettare gjenom eit nålauga enn ein rik kjem inn i Guds rike.»

26 «Kven kann då verta frelst?» sagde dei som høyrde på det.

27 Han svara: «Det som er umogelegt for menneskje, er mogelegt for Gud.»

28 «Enn me som hev skilt oss med alt som var vårt og fylgt deg!» sagde Peter.

29 Då sagde han til deim: «Det segjer eg dykk for sant: Det er ingen som hev skilt seg med hus eller kona eller brør eller foreldre eller born for Gudsriket skuld,

30 utan han skal få det att mangdubbelt i denne tidi, og i den verdi som kjem eit ævelegt liv.»

31 So kalla han dei tolv innåt seg og sagde til deim: «No fer me upp til Jerusalem, og alt det som profetarne hev skrive um Menneskjesonen, skal ganga fram:

32 Han gjevast yver til heidningarne og spottast, og farast ille med og sputtast på,

33 og dei skal hudfletta honom og slå honom i hel, og tridje dagen skal han standa upp att.»

34 Men dei forstod ikkje noko av dette; det var dult for deim kva som låg i det ordet, og dei skyna ikkje det han sagde.

35 Då han no kom burtimot Jeriko, sat ein blind mann attmed vegen og bad seg.

36 Då han høyrde det for so mykje folk fram igjenom, spurde han kva var tids.

37 Dei fortalde honom at Jesus frå Nasaret for framum.

38 Då ropa han: «Jesus, Davids son, gjer sælebot på meg!»

39 Dei som gjekk fyre, skjente på honom og sagde han skulde tegja; men han ropa berre endå meir: «Davids son, gjer sælebot på meg!»

40 Då stana Jesus og sagde at dei skulde leida den blinde hit til honom, og då han kom innåt, spurde han:

41 «Kva vil du eg skal gjera for deg?» - «Herre, lat meg få att syni mi!» svara han.

42 «No fær du att syni! Trui di hev hjelpt deg,» sagde Jesus.

43 Og straks fekk han att syni si og fylgde honom alt med han lova Gud; og alt folket som såg det, gav Gud æra og pris.

19. kapitlet

1 So kom han til Jeriko, og for fram igjenom byen.

2 Der var det ein mann som heitte Sakkæus; han var ein høg tollmann og rik.

3 Han hadde slik hug til å sjå Jesus, kven han var, men kunde ikkje koma til for folkemengdi; for han var liten på vokster.

4 So sprang han i fyrevegen og kleiv upp i eit sykomortre, so han kunde få sjå honom; for der laut han koma framum.

5 Då Jesus kom dit, såg han upp og sagde til honom: «Sakkæus, skunda deg og kom ned! I dag lyt eg vera hjå deg.»

6 Då skunda han seg ned, og tok imot Jesus med gleda.

7 Alle som såg det, murra og sagde seg imillom: «Han gjeng inn til ein syndig mann og tek herbyrge der.»

8 Men Sakkæus steig fram og sagde til Herren: «Herre, helvti av alt det eg eig, gjev eg dei fatige, og hev eg truga pengar frå nokon, gjev eg det att firdubbelt.»

9 Og Jesus sagde um honom: «I dag hev det timst dette huset å få frelsa, etter di han og er Abrahams son;

10 for Menneskjesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det.»

11 Med dei lydde på det, heldt han ved og fortalde ei likning, av di han var so nær Jerusalem, og dei tenkte at Guds rike skulde koma til synes straks.

12 Han sagde: «Det var ein gong ein høgætta mann, som for langt burt til eit anna land og vilde få seg kongedøme og so venda heim att.

13 Då kalla han åt seg ti av tenarane sine og gav deim ti pund og sagde: «Driv no handel med dette med eg er burte!»

14 Men landsmennerne hans hata honom og skikka sendemenner av stad etter honom, som skulde segja: «Me vil ikkje at den mannen skal vera kongen vår!»

15 Då han no kom att og hadde fenge kongedømet, sagde han at dei tenarane han hadde gjeve pengarne til, skulde ropast inn til honom, so han kunde få vita kor mykje dei hadde tent.

16 Då gjekk den fyrste fram og sagde: «Herre, pundet ditt hev gjeve av seg ti pund.»

17 «Det var rett, du gode tenar!» svara herren; «for di du hev vore tru med det som lite var, skal du hava velde yver ti byar.»

18 So kom den andre og sagde: «Pundet ditt, herre, hev lagt inn fem pund.

19 Til honom sagde herren: «Du skal råda yver fem byar.»

20 So kom det ein annan og sagde: «Herre, sjå her er pundet ditt! Eg hev havt det liggjande i eit knyte;

21 for eg var rædd deg, av di du er ein streng mann: du tek inn det du ikkje lagde ut, og haustar det du ikkje sådde.»

22 Då sagde herren: «Etter dine eigne ord dømer eg deg, du låke tenar! Du visste at eg er ein streng mann, som tek inn det eg ikkje lagde ut, og haustar det eg ikkje sådde?

23 Kvi sette du då ikkje pengarne mine i banken? so hadde eg fenge deim att med rentor når eg kom heim!

24 Tak pundet frå honom!» sagde han til deim som stod innmed, og gjev det til den som hev ti pund!»

25 «Herre, han hev då ti pund!» sagde dei.

26 «Eg segjer dykk at kvar den som hev, skal få, og den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.

27 Men desse uvenerne mine, som ikkje vilde at eg skulde vera kongen deira, deim skal de føra hit og hogga deim ned for augo mine!»»

28 Då han hadde sagt det, gjekk han fyre på ferdi upp til Jerusalem.

29 Som han no kom burtimot Betfage og Betania, til det berget dei kallar Oljeberget, sende han tvo av læresveinarne i veg og sagde:

30 «Gakk burt i den grendi som ligg midt imot oss! Når de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det aldri hev sete menneskje på; den skal de løysa og leida hit.

31 Og dersom nokon spør dykk kvi de løyser honom, skal de svara so: «Herren treng um honom.»»

32 Dei som var sende, gjekk, og fann det so som han hadde sagt med deim.

33 Då dei so løyste folen, sagde dei som åtte honom: «Kvi løyser de folen?»

34 «Herren treng um honom,» svara dei.

35 So leidde dei folen fram til Jesus, og lagde kjolarne sine på honom, og let Jesus setja seg uppå;

36 og med han for frametter, breidde dei klædi sine under på vegen.

37 Som han no var tett burtmed der det ber ned frå Oljeberget, tok læresveinarne, heile flokken, glade som dei var, til å lova Gud med høg røyst for alle dei underi dei hadde set, og kvad:

38 «Velsigna vere kongen som kjem i Herrens namn! Fred i himmelen og æra i det høgste!»

39 Nokre farisæarar som var med i folkehopen, sagde til han: «Meister, tala til læresveinarne dine!»

40 Då svara han: «Eg segjer dykk: Dersom desse tegjer, so skal steinarne ropa.»

41 Då han kom næmare og såg byen, gret han yver honom og sagde:

42 «Hadde du berre visst, um ikkje fyrr enn i dag, kva som tener til di velferd! Men no er det dult for augo dine.

43 For det skal koma ei tid for deg då fiendarne kastar upp ein voll um deg og kringset deg og trengjer deg frå alle kantar,

44 og støyter deg ned i grunnen, og borni dine med deg, og ikkje let det liggja att stein på stein i deg, for di du ikkje skyna di gjestings tid.»

45 Då han kom inn i templet, tok han til å driva ut deim som handla der,

46 og sagde til deim: «Det stend skrive: «Mitt hus skal vera eit bønehus,» men de hev gjort det til eit røvarbol.»

47 Sidan lærde han dagstødt i templet. Øvsteprestarne og dei skriftlærde var trådde etter å få rudt honom or vegen, og so gjorde dei fyrste mennerne i folket,

48 men dei kunde ikkje finna ut korleis dei skulde bera seg åt med det; for heile folket hekk ved honom og lydde på honom.

20. kapitlet

1 Som han no ein dag lærde folket i templet og bar fram fagnadbodet, steig øvsteprestarne og dei skriftlærde upp, i hop med styresmennerne,

2 og dei tala soleis til honom: «Seg oss: Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven var det som gav deg retten?»

3 «Eg vil og spyrja dykk um ein ting,» svara han: «Seg de meg:

4 Var dåpen åt Johannes frå himmelen, eller var det menneskjeverk?

5 Då slo dei yver med seg sjølve og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom ikkje?»

6 og svarar me: «Det var menneskjeverk,» so kjem heile folket til å steina oss i hel; for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.»

7 So svara dei at dei visste ikkje kvar Johannes-dåpen var ifrå.»

8 «Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette,» sagde Jesus.

9 So tok han til å tala til folket og sagde deim ei likning: «Det var ein gong ein mann som stelte til ein vingard; den leigde han burt til brukarar, og so for han utanlands og vart burte i lang æva.

10 Då rette tidi kom, sende han ein av sveinarne sine til brukarane, og kravde at dei skulde gjeva honom noko av det som var avla i vingarden. Men brukarane slo sveinen og sende honom burt att med tome hender.

11 So sende han atter ein annan svein; den slo dei og, og hædde honom og sende honom burt att med henderne tome.

12 Og endå ein tridje sende han; den for dei like eins med, slo honom til blods og kasta honom ut.

13 «Kva skal eg no gjera?» sagde han som åtte vingarden. «Eg vil senda son min, han som eg elskar so høgt; kann henda dei hev age for honom!»

14 Men då brukarane fekk sjå honom, lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Dette er ervingen! Lat oss slå han i hel, so me kann få arven!»

15 So kasta dei honom ut or vingarden og slo honom i hel. Kva skal no vingardseigaren gjera med deim?

16 Han skal koma og gjera ende på desse brukarane og lata andre få vingarden.» Då dei høyrde det, sagde dei: «Slikt må aldri henda!»

17 Då såg han på deim og sagde: «Kva tyder då dette ordet i skrifti: «Den steinen byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein?»

18 Kvar den som fell på den steinen, skal slå seg sund; men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.»

19 Dei skriftlærde og øvsteprestarne vilde ha lagt hand på honom i same stund, men dei torde ikkje for folket; dei skyna at det var deim han meinte med likningi si.

20 So gjætte dei på honom og sende folk ut som skulde lura på honom og låst vera lovlydige, so dei kunde fanga honom i ord, og so gjeva honom yver til styremagti og i henderne på landshovdingen.

21 Dei sette fram eit spursmål for honom og sagde: «Meister, me veit at du talar og lærer rett og ikkje gjer skil på folk, men lærer Guds veg etter sanningi -

22 er det rett at me legg skatt til keisaren, eller er det ikkje?»

23 Men han gådde listi deira og sagde til deim:

24 «Syn meg ein sylvmynt! Kva bilæte og namn er det han hev?» «Det er keisarens,» svara dei.

25 «Vel,» sagde han til deim, «gjev so keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!»

26 Soleis kunde dei ikkje fanga honom i noko ord so folket var vitne på det; dei undra seg berre yver svaret hans og tagde.

27 So kom det nokre sadducæarar - det er dei som neittar at dei daude skal standa upp att - dei og sette fram eit spursmål for honom og sagde:

28 «Meister, Moses hev skrive den lovi åt oss, at når ein gift mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.

29 No var det ein gong sju brør. Den fyrste tok seg ei kona, men døydde barnlaus.

30 So gifte den andre seg med henne,

31 og so den tridje, og sameleis alle sju; dei døydde og hadde ikkje born etter seg.

32 Til slutt døydde kona og.

33 Kven av deim skal no den kona høyra til i eit anna liv? For alle sju hev havt henne til kona.»

34 Jesus svara: «Dei som liver her i verdi, dei gifter seg og vert burtgifte;

35 men dei som vert haldne verdige til å nå hi verdi og standa upp att frå dei daude, dei korkje gifter seg eller vert burtgifte;

36 dei kann heller ikkje døy meir; for dei er liksom englarne og er Guds born, av di dei hev stade upp att til eit nytt liv.

37 Men at dei avlidne skal vekkjast upp att, det hev Moses og synt i soga um klungeren, der han kallar Herren Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.

38 Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande; for alle er livande for honom.»

39 Då tok nokre skriftlærde til ords og sagde: «No tala du vel, meister.»

40 Og dei torde ikkje oftare spyrja honom um noko.

41 So sagde han til deim: «Korleis kann dei segja at Messias er Davids son?

42 David segjer då sjølv i Salmeboki: «Herren sagde til herren min: «Sit ved høgre handi mi,

43 til eg dine fiendar fær til fotbenk for deg lagt!»»

44 So kallar no David honom herre; korleis kann han då vera son hans?»

45 Sidan tala han til læresveinarne og sagde so heile folket høyrde det:

46 «Agta dykk for dei skriftlærde som likar å ganga ikring i side kjolar og gjerne vil helsast torgi og hava dei fremste sessarne i synagogorne og dei høgste sæti i gjestebod!

47 dei som et upp huset for enkjor og for ei syn skuld held lange bøner. Dei skal få so mykje strengare dom.»

21. kapitlet

1 Då han såg upp, vart han var at dei rike lagde gåvorne sine i templekista;

2 og han vart var ei armodsleg enkja, som lagde tvo skjervar.

3 Då sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Denne fatige enkja hev lagt meir enn dei alle.

4 For det som desse gav, det gav dei alle av nøgdi si; men ho gav av si fatige råd - gav alt ho hadde til å livberga seg med.»

5 Det var nokre som tala um templet, at det var prydt med fagre steinar og vigde gåvor. Då sagde han:

6 «Dette som de skodar, um det skal de vita at det vil koma ei tid då her ikkje vert liggjande stein på stein, som ikkje skal rivast laus.»

7 «Når skal då dette ganga fyre seg, meister,» spurde dei, «og kva er merket på at den tidi lid nær?»

8 Då svara han: Sjå dykk fyre, so ingen fær ført dykk på villstig! For mange skal taka mitt namn og segja: «Det er eg!» og: «Det lid innpå tidi. Fylg ikkje etter deim!

9 Og når de høyrer um ufred og upprør, so vert ikkje fælne! For fyrst lyt det henda; men enden kjem ikkje straks.»

10 So sagde han til deim: «Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike;

11 store jordskjelvar skal koma, og uår og sott kring i landi; og det skal syna seg skræmor og store teikn frå himmelen.

12 Men fyrr alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk og draga dykk inn i synagogor og fangehus; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld.

13 Då skal de koma til å vitna.

14 Legg dykk då på minne at de ikkje fyreåt tarv tenkja på korleis de skal svara for dykk!

15 Eg skal gjeva dykk munn og visdom, som ingen av motmennerne dykkar skal kunna standa seg for eller segja imot.

16 Jamvel foreldre og brør og skyldfolk og vener skal svika dykk og valda sume av dykk dauden,

17 og alle skal hata dykk for mitt namn skuld.

18 Men ikkje eit hår på hovudet dykkar skal forkomast.

19 Haldt ut, so skal de vinna sjælerne dykkar!

20 Når de ser at stridsherar kringset Jerusalem, då skal de vita at det ikkje er lenge fyrr han vert lagd i øyde.

21 Då lyt dei som er i Judaland røma til fjells; dei som er inni byen, lyt flytja ut, og dei som er utpå landet, må ikkje koma inn.

22 For dette er hemnardagarne; då skal det ganga fram alt det som stend skrive.

23 Stakkars deim som gjeng med barn eller gjev brjost, i dei dagarne! For det skal vera stor naud i landet og vreide yver dette folket.

24 Dei skal falla for sverdseggi og førast hertekne burt til alle heidningfolk, og Jerusalem skal heidningarne trøda under fot, til heidningtidi er ute.

25 Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjernor, og på jordi skal folki fælast i vonløysa, når havet og brotsjøarne dyn.

26 Folk skal uvita av rædsla og gru for det som kjem yver mannaheimen; for himmelkrafterne skal skakast.

27 Då skal dei sjå Menneskjesonen koma i skyi med velde og stor herlegdom.

28 Men når dette tek til å henda, då rett dykk upp, og lyft hovudet! for det lid mot utløysingi dykkar.»

29 So sagde han deim ei likning: «Sjå på fiketreet og alle andre tre!

30 So snart de ser dei hev sprotte, då veit de av dykk sjølve at no er sumaren nær.

31 Soleis når de ser dette hender, då veit de at Guds rike er nær.

32 Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt saman hev hendt.

33 Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.

34 Gjev agt på dykk sjølve, at de aldri let hjarta tyngjast av rus og ovdrykk og verdsleg sut, so den dagen kjem uventande på dykk!

35 For som eit fuglenet skal han skal koma yver alle som bur kring i vidande verdi.

36 Vak kvar tid og stund, og bed at de kann få styrk til å røma undan alt dette som koma skal, og standa dykk framfor Menneskjesonen!»

37 Um dagarne lærde han i templet; men um kveldarne gjekk han ut or byen og var natti yver på den åsen dei kallar Oljeberget.

38 Og alt folket kom tidleg um morgonen til honom i templet og lydde på honom.

22. kapitlet

1 No leid det nær innåt søtebrødhelgi, som dei kallar påske.

2 Og øvsteprestarne og dei skriftlærde grunda på korleis dei skulde bera seg åt for å få rudt honom or vegen; for dei var rædde folket.

3 Då for Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og som var ein av dei tolv;

4 han gjekk av stad og tala med øvsteprestarne og hovdingarne for tempelvakti um korleis han skulde få gjeve Jesus yver til deim.

5 Dei vart glade og lova honom pengar.

6 Han slo til, og sidan leita han etter eit laglegt høve til å gjeva han yver til deim utan uppstyr.

7 So kom søtebrødsdagen, den dagen då påskelambet skulde slagtast.

8 Då sende han Peter og Johannes i veg og sagde: «Gakk av stad og stell til påskemålet åt oss, so me kann halda måltid!»

9 «Kvar vil du me skal stella det til?» spurde dei.

10 «Høyr her!» svara han; «når de kjem inn i byen, møter de ein mann som ber ei krukka med vatn. Honom skal de fylgja til han gjeng inn i eit hus,

11 og so skal de segja til huseigaren: «Meisteren helsar: Kvar er romet der eg kann halda påskemåltid med læresveinarne mine?»

12 Då syner han dykk ein stor sal med duka bord. Der skal de stella til.

13 So gjekk dei, og fann det so som han hadde sagt, og dei stelte til påskemålet.

14 Då tidi kom, sette han seg til bords, og apostlarne med honom.

15 Og han sagde til deim: Eg hev lengta so etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, fyrr eg skal lida;

16 for eg segjer dykk: Eg kjem aldri til å eta det meir, fyrr det hev fenge fullnaden sin i Guds rike.»

17 So tok han ein kalk i handi, og takka og sagde: «Tak dette og skift det imillom dykk!

18 For eg segjer dykk: Heretter skal eg aldri drikka av druvesafti fyrr Guds rike er kome.»

19 Og han tok brødet, takka, og braut det, og gav deim og sagde: «Dette er likamen min, som vert gjeven for dykk! Gjer dette til minne um meg!»

20 Like eins kalken etter dei hadde ete kveldverden, og sagde: «Denne kalken er den nye pakt i blodet mitt, det som renn for dykk.

21 Men sjå: svikaren held handi si framyver bordet med meg!

22 Menneskjesonen gjeng fulla burt; for so er det laga. Men ve yver den mannen som veld at han vert gjeven i fiendehand!»

23 Då tok dei til å dryfta seg imillom kven av deim det kunde vera som skulde koma til å gjera dette.

24 Det vart og ein ordstrid millom deim um kven av deim som skulde gjelda for den største.

25 Då sagde han til deim: «Kongarne råder yver folki sine, og dei som held deim i age, vert kalla velgjerdsmenner.

26 So må det ikkje vera med dykk; men den som er største ibland dykk, skal vera som han var yngst, og styraren som han var tenar.

27 For kven er størst, den som sit til bords, eller den som ber på bordet? Er det ’kje den som sit til bords? Men eg er berre som ein bordsvein ibland dykk.

28 De er dei som heldt ut hjå meg i røyningarne mine,

29 og eg eignar dykk kongedøme, liksom far min eigna meg det;

30 de skal eta og drikka ved bordet mitt i mitt rike, og sitja i kvar sitt høgsæte og styra dei tolv Israels-ætterne.

31 Simon, Simon, høyr kva eg segjer: Satan kravde å få sælda dykk liksom korn.

32 Men eg hev bede for deg at trui di ikkje må trjota, og når du ein gong vender um, so styrk brørne dine!»

33 «Herre,» sagde Peter, «med deg gjeng eg gjerne både i fangehus og i dauden.»

34 «Eg segjer deg, Peter,» svara Herren: «Hanen gjel ikkje i natt, fyrr du tri gonger hev neitta at du kjenner meg.»

35 So sagde han til deim: «Då eg sende dykk i veg forutan pung og skreppa og skor, vanta de då nokon ting?» «Ingen ting,» svara dei.

36 «Men no lyt den som hev pung taka honom med,» sagde han, «og like eins den som hev skreppa, og den som ikkje hev noko sverd, lyt selja kjolen sin og kjøpa seg eit.

37 For eg segjer dykk at på meg lyt det sannast det ordet som stend skrive: «Og han vart rekna millom brotsmenner.» For med meg lid det mot enden.»

38 «Herre,» sagde dei, «sjå her er tvo sverd.» «Det er nok,» svara han.

39 So gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han var van ved; og læresveinarne fylgde og med.

40 Då han var komen dit, sagde han til deim: «Bed at de ikkje må koma i freisting!»

41 Han drog seg ifrå deim so langt som eit steinkast og lagde seg på kne og bad:

42 «Fader, um du vilde taka denne skåli ifrå meg! Men lat det ikkje vera som eg vil, berre som du vil!»

43 Ein engel frå himmelen synte seg for honom og styrkte honom.

44 Og i si såre hjartekvida bad han endå heitare, og sveiten hans vart som blodsdråpar, som fall ned på jordi.

45 So reiste han seg frå bøni. Då han kom til læresveinarne, såg han at dei hadde sovna av sorg.

46 Då sagde han til deim: «Kvi søv de? Statt upp, og bed at de ikkje må koma i freisting!»

47 Fyrr han hadde tala ut, fekk han sjå ein flokk som kom; han som heitte Judas - ein av dei tolv - gjekk fyre deim og kom burtåt Jesus, vilde kyssa honom.

48 Då sagde Jesus til honom: «Judas, svik du Menneskjesonen med ein kyss?»

49 Då dei som var ikring honom såg korleis det bar i veg, sagde dei: «Herre, skal me slå til med sverdet?»

50 Og ein av deim hogg til tenaren åt øvstepresten, og sneidde av honom det høgre øyra.

51 Då tok Jesus til ords og sagde: «Lat det vera nok med det!» Og han tok burtpå øyra hans og lækte honom.

52 So sagde han til deim som var komne og skulde taka honom, øvsteprestarne og tempelhovdingarne og styresmennerne: «De kjem med sverd og stavar som eg skulde vera ein røvar!

53 Den tid eg var saman med dykk i templet dag etter dag, då baud de ’kje til å gripa meg. Men no er det dykkar time, no er det myrkret som råder.»

54 So tok dei honom og førde honom burt og inn i garden åt øvstepresten; og Peter fylgde eit langt stykke etter.

55 Dei hadde gjort upp ein eld midt i gardsromet og sett seg ikring, og Peter sette seg midt ibland deim.

56 Med han sat der i ljoset, vart ei tenestgjenta var honom; ho stirde på honom og sagde: «Denne var og med honom!»

57 Men han neitta og sagde: «Eg kjenner honom ikkje, kvinna!»

58 Eit lite bil etter vart ein annan var honom og sagde: «Du er og ein av deim!» «Nei, mann, det er eg ikkje!» svara Peter.

59 Då um lag ein time var liden, var det ein til som sanna det og sagde: «Jau visst var denne og med honom; han er då ein galilæar.»

60 «Eg veit ’kje kva du talar um, mann!» sagde Peter. Og straks, fyrr han hadde tala ut, gol hanen.

61 Då vende Herren seg og såg på Peter; og Peter kom i hug det ordet Herren hadde sagt til honom: «Fyrr hanen gjel i natt, hev du avneitta meg tri gonger.»

62 Og han gjekk ut og gret sårt.

63 Dei mennerne som heldt Jesus, spotta honom og slo honom.

64 Dei kasta eit klæde yver honom og spurde: «Kven var det som slo deg? Seg oss det, du som er ein profet!»

65 Og mange andre hædingsord tala dei til honom.

66 Då det vart dag, kom styresmennerne åt folket i hop, og øvsteprestarne og dei skriftlærde; dei førde honom fram i rådsmøtet sitt

67 og sagde: «Er du Messias, so seg oss det!» «Um eg segjer det åt dykk, trur de det ikkje,» svara han,

68 «og um eg spør, svarar de ikkje.

69 Men heretter skal Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Guds allmagt.»

70 Då spurde dei alle: «Er du då Guds Son?» Han svara: «De segjer det, og eg er det.»

71 «Kva skal me med fleire vitnemål?» sagde dei då; «no høyrde me det av hans eigen munn!»

23. kapitlet

1 Då reiste dei seg, heile hopen, og førde honom til Pilatus,

2 og bar fram klagemålet sitt mot honom. «Me hev kome etter at denne mannen forvillar folket vårt,» sagde dei; «han forbyd deim å gjeva keisaren skatt, og segjer at han er Messias, ein konge.»

3 Då tok Pilatus til ords og spurde honom: «Er du kongen yver jødarne?» «Det er som du segjer,» svara han.

4 Pilatus sagde til øvsteprestarne og folket: «Eg finn ingi skuld hjå denne mannen.»

5 Då tok dei sterkare i og sagde: «Han øser upp folket med læra si i heile Jødeland; han tok til med det i Galilæa, og no hev han kome alt hit.»

6 Då Pilatus høyrde det, spurde han um mannen var frå Galilæa,

7 og so snart han vart vis med at han lydde under Herodes’ velde, sende han honom åt Herodes; for han var og i Jerusalem i dei dagarne.

8 Herodes vart svært glad då han såg Jesus; han hadde lenge ynskt at han måtte få sjå honom; for han hadde høyrt mykje um honom og gjorde seg von um å få sjå eit teikn av honom.

9 Han spurde honom um mangt og mykje, men Jesus svara ikkje eit ord.

10 Øvsteprestarne og dei skriftlærde stod der og klaga på honom so sterkt dei kunde.

11 Og Herodes med hermennerne sine svivyrde og hædde honom, kasta ei brikjeleg kåpa um honom og sende honom so attende til Pilatus.

12 Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; fyrr hadde det vore fiendskap millom deim.

13 So kalla Pilatus i hop øvsteprestarne og rådsherrarne og folket

14 og dei sagde til deim: «De hev ført denne mannen fram for meg og skulda honom for at han leider folket på avveg. No hev eg lydt honom ut, so de hev høyrt på det, men eg hev ’kje funne honom saka i noko av det de klagar honom for.

15 Og det hev ikkje Herodes heller; for eg sende dykk til honom. So kann de sjå, at han hev ikkje gjort noko, som han skulde lata livet for.

16 Difor vil eg refsa honom og so gjeva honom fri.»

17 Men han laut gjeva deim ein fange fri i høgtidi.

18 Då ropa dei alle som ein; «Burt med honom! Gjev oss Barabbas fri!»

19 - so heitte ein som var sett i fengsel for eitt upprør som hadde brote ut i byen, og for manndråp -.

20 På nytt tala Pilatus til deim; for han vilde gjerne gjeva Jesus fri.

21 Men dei ropa imot: «Krossfest honom, krossfest honom!»

22 So tala han til deim tridje gongen og sagde: «Kva vondt hev han då gjort, denne mannen? Eg hev ’kje funne honom saka i noko som han kann dømast frå livet for. Difor vil eg refsa honom og so gjeva honom fri.»

23 Men dei braut på, og kravde med høge rop at han skulde krossfestast, og ropi deira fekk yvertaket.

24 Då dømde Pilatus so at det skulde vera som dei kravde.

25 Han løyste den som sat fengsla for upprør og manndråp, den som dei bad um, men gav Jesus yver til deim, so dei kunde gjera med honom som dei vilde.

26 Då dei førde honom burt, tok dei fat på ein mann som kom frå marki; han heitte Simon, og var frå Kyrene; honom lagde dei krossen på, so han skulde bera honom etter Jesus.

27 Ein stor folkehop fylgde honom; bland deim var det mange kvinnor, som øya og gret for hans skuld.

28 Jesus snudde seg åt deim og sagde: «Jerusalems døtter, gråt ikkje yver meg! Gråt heller yver dykk sjølve og borni dykkar!

29 For det kjem dagar då dei skal segja: «Sæle dei som aldri bar barn under beltet! Sælt det livet som aldri hev født, og det brjostet som aldri hev fostra!»

30 Då kjem dei til å segja til fjelli: «Fall yver oss!» og til haugarne: «Gøym oss!»

31 For fer dei so med det grøne treet, korleis skal det då ganga med det turre?»

32 Tvo andre, tvo illgjerningsmenn, vart og førde av stad saman med honom og skulde lata livet.

33 Då dei kom til den staden som kallast Skallen, krossfeste dei honom der, og like eins illgjerningsmennerne, den eine på høgre og den andre på vinstre sida.

34 Men Jesus sagde: «Fader, forlat deim, for dei veit ikkje kva dei gjer!» So skifte dei klædi hans millom seg og drog strå um deim.

35 Folket stod og såg på; og rådsherrarne spotta og sagde: «Han hev hjelpt andre, no kann han hjelpa seg sjølv, dersom han er Guds Messias, den utvalde!»

36 Hermennerne gjorde narr av honom; dei gjekk fram og rette honom eddik og sagde:

37 «Er du kongen yver jødarne, so hjelp deg sjølv!»

38 Og uppyver honom var det ei innskrift: «Dette er kongen yver jødarne.»

39 Ein av illgjerningsmennerne som hekk der, hædde honom og sagde: «Er ’kje du Messias? - hjelp deg sjølv og oss!»

40 Då tok den andre til ords, og skjemde på honom og sagde: «Ottast ikkje du heller Gud, du som er under same domen?

41 Og det er me med rette; for me fær berre lika for det me hev gjort. Men han hev ikkje gjort noko urett.

42 Jesus,» sagde han, «kom meg i hug når du kjem i ditt rike!»

43 «Det segjer eg deg for visst,» svara Jesus: «I dag skal du vera med meg i paradis.»

44 Det var no kring den sette timen; då vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen,

45 og soli svartna. Forhenget i templet rivna midt i tvo.

46 Og Jesus ropa med høg røyst: «Fader, i dine hender gjev eg mi ånd!» Då han hadde sagt det, andast han.

47 Då hovudsmannen såg det som hende, lova han Gud og sagde: «Den mannen var sanneleg skuldlaus!»

48 Og heile folkemengdi som hadde samla seg for å sjå på dette, øya seg og gjekk burt att då dei såg kva som hende.

49 Men alle venerne hans, og dei kvinnorne som hadde fylgt honom frå Galilæa, stod langt undan og såg på.

50 Det var ein mann som heitte Josef, ein god og rettvis mann; han høyrde til det Høge Rådet,

51 men hadde ikkje vore med på rådi og gjerningarne deira; han åtte heime i Arimatæa, ein by i Jødeland, og var ein av deim som venta på Guds rike -

52 den mannen gjekk til Pilatus og bad um likamen åt Jesus,

53 tok honom ned, sveipte honom i lin og lagde honom i ei grav som var hoggi i berget, og som det endå ikkje var lagd nokon i.

54 Det var då fyrebuingsdagen, og kviledagen var i kjømdi.

55 Nokre av dei kvinnorne som hadde vore med han frå Galilæa, fylgde etter; dei skoda gravi og såg korleis likamen hans vart lagd.

56 So gjekk dei heim att og laga til angande kryddor og salvar. Kviledagen heldt dei seg i ro etter lovi.

24. kapitlet

1 Men den fyrste dagen i vika, tidleg i otta, kom dei til gravi, og hadde med seg kryddorne som dei hadde laga til.

2 Då fekk dei sjå at steinen var velt ifrå gravi;

3 dei gjekk inn, men fann ikkje likamen åt Herren Jesus.

4 Dei visste ikkje kva dei skulde tenkja um dette; då stod det med ein gong tvo menner i skinande klæde innmed deim,

5 og med dei fulle av otte stirde nedfyre seg, sagde mennerne til deim: «Kvi leitar de etter den livande millom dei daude?

6 Han er ikkje her; han hev stade upp att. Kom i hug kva han sagde med dykk då han endå var i Galilæa,

7 at Menneskjesonen skulde gjevast i henderne på synduge menneskje og krossfestast, og standa upp att tridje dagen!»

8 Då kom dei i hug ordi hans,

9 og dei gjekk burt att frå gravi, og fortalde alt dette til dei elleve og alle dei andre.

10 Det var Maria Magdalena og Johanna og Jakobs-Maria og dei hine kvinnorne i fylgjet deira - dei sagde dette med apostlarne;

11 men dei tenkte det var noko vas dei for med, og trudde deim ikkje.

12 Peter sprang like vel av stad til gravi, og då han lutte seg ned, såg han ikkje anna enn likklædi; so gjekk han burt att, og undrast med seg yver det som var hendt.

13 Same dagen gjekk tvo av deim utetter til ein liten by som heiter Emmaus, og ligg ei mil frå Jerusalem,

14 og på vegen tala dei med einannan um alt det som nyst hadde hendt.

15 Med dei no gjekk og tala og dryfte det med kvarandre, kom Jesus sjølv innåt og slo fylgje med deim;

16 men augo deira var fjetra, so dei kjende honom ikkje.

17 «Kva er det for ting de røder so um, med de gjeng etter vegen?» spurde han. Då stana dei, og det var sjåande til at dei sturde.

18 Og den eine av deim - han heitte Kleopas - tok til ords og sagde til honom: «Du må visst vera den einaste som held til i Jerusalem og ikkje veit kva som hev hendt der desse dagarne!»

19 «Kva for noko?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret,» svara dei, «han som var ein profet, megtig i gjerning og ord for Gud og alt folket,

20 korleis øvsteprestarne og rådsherrarne våre fekk dømt honom frå livet og krossfeste honom.

21 Og me vona at han var den som skulde løysa ut Israel. Og med alt det so er det no på tridje dagen sidan dette gjekk fyre seg.

22 Men so hev og nokre kvinnor i flokken vår sett oss i uro og undring; dei var i otta ved gravi,

23 og fann ikkje likamen hans, men kom og fortalde at dei hadde set ei syn av englar, og at englarne hadde sagt at han liver.

24 Nokre av felagerne våre gjekk då ut til gravi, og fann det heiltupp so som kvinnorne hadde sagt, men honom såg dei ikkje.»

25 «Å, for uvituge de er,» svara han, «og for seinhuga til å tru alt det som profetarne hev tale!

26 Laut ikkje Messias lida dette, fyrr han kunde ganga inn til sin herlegdom?»

27 So tok han til frå Moses og alle profetarne, og i alle skrifterne lagde han ut for deim det som er sagt um honom der.

28 Då dei var tett innmed den byen dei skulde til, lest han vilja ganga lenger.

29 Men dei nøydde honom og sagde: «Ver hjå oss! Det lid til kvelds, og dagen hallar.» So gjekk han inn og var hjå deim.

30 Som han no sat til bords med deim, tok han brødet og velsigna det, og braut det og gav deim.

31 Då vart augo deira upplatne, so dei kjende honom att; men i det same kvarv han burt for augo deira.

32 Då sagde dei med einannan: «Brann ikkje hjarta i oss då han tala med oss på vegen, då han lagde ut skrifterne åt oss?»

33 Og dei tok ut i same stund, og gjekk attende til Jerusalem. Dei fann dei elleve og felagarne deira samla, og dei sagde:

34 «Herren hev sanneleg stade upp att, og hev synt seg for Simon.»

35 Og sjølve fortalde dei um det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent honom då han braut brødet.

36 Best dei tala um dette, stod han sjølv midt ibland deim og sagde: «Fred vere med dykk!»

37 Dei kvakk og vart rædde, og trudde det var ei ånd dei såg.

38 Då sagde han til deim: «Kvi er de so forstøkte, og kvifor vaknar det tvil i hjarta dykkar?

39 Sjå henderne og føterne mine, at det er eg sjølv! Kjenn på meg og sjå! Ei ånd hev då ’kje kjøt og bein, som de ser eg hev.»

40 Då han hadde sagt det, synte han deim henderne og føterne sine.

41 Då dei endå ikkje kunde tru for gleda, men berre undra seg, sagde han: «Hev de noko etande her?»

42 Dei gav han eit stykke steikt fisk og noko av ei honningkaka,

43 og han tok det og åt det for augo deira.

44 So sagde han til deim: «Dette var det eg tala til dykk um då eg endå var i lag med dykk, at alt som er skrive um meg i Moselovi og profetarne og salmarne, laut sannast.»

45 So let han upp for tankarne deira, so dei kunde skyna skrifterne.

46 «So stend skrive,» sagde han, «at Messias skal lida og standa upp frå dei daude tridje dagen,

47 og i hans namn skal umvending og syndeforlating ropast ut for alle folkeslag; frå Jerusalem skal det ganga ut.

48 De skal sjølve vitna um dette.

49 Og no vil eg senda yver dykk det som far min hev lova; men de skal halda dykk rolege i byen, til de vert budde med kraft frå det høge.»

50 Sidan tok han deim med seg ut or byen, til burt imot Betania, og han lyfte upp henderne og velsigna deim.

51 Og med han lyste velsigningi, skildest han frå deim og for upp til himmelen.

52 Og dei kasta seg på kne og tilbad honom. So gjekk dei attende til Jerusalem i stor gleda,

53 og sidan var dei allstødt i templet og lova og prisa Gud.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024